<$BlogRSDUrl$>

1.12.04

Salmebok 

Alltid spennande med bokpakke i posten. I dag har eg fått eit eksemplar av Nynorsk Salmebok, som eg spurde etter her om dagen. Det er Per Halse som har trylla det fram, takk skal du ha, Per! Den kjem eg til å bruke mykje.

No manglar eg berre Guldberg. Den er vanskeleg, og dyr, å få tak i. Mor mi gav meg farfars gamle Kingo og morfars eksemplar av Birger Halls Kirkeklokken tidlegare i haust.

Det er mykje som kan bli samleobjekt. Men eg har ingen ambisjonar om å slå Kingo-samlinga til Sigvald Tveit. Den er imponerande.
# lagt inn 1.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?