<$BlogRSDUrl$>

23.12.04

Skifte 

For nokre dagar sidan fekk eg kopiar av skifta etter foreldra til Elias Blix frå Statsarkivet i Trondheim. I arkivet til sorenskrivaren i Salten er skiftet etter Peder Christophersen Vaag nr. 65/1840 (slutta 06.10.1840), det etter Margrete Kristofersdatter Vaag nr. 66/1857 (slutta 21.11.1857).

Dette er eit svært interessant materiale. To gonger, med nesten tjue års mellomrom, er det halde registreringsforretningar der alt innbu og lausøyre i barndomsheimen til Elias Blix er talt opp: 23.01.1840 og 09.06.1857. Ved det første høvet var Elias Blix enno ikkje fylt fire år, ved det andre var han 21 år gammal og busett i Tromsø.

Det ligg mykje kultur- og sosialhistorie i dette materialet. Heimen er ein typisk nordnorsk fiskarbondeheim, "i taalelig god Formuesforfatning," som soknepresten skreiv. Skifta har vore nytta som kjelde tidlegare, særleg av Reidar Bolling (for meg ser det ut til at dei andre biografiane har bygd på Bolling, og ikkje gått direkte til skiftematerialet), men, så vidt eg kan sjå, unøyaktig og til dels feilaktig.
# lagt inn 23.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?