<$BlogRSDUrl$>

22.12.04

Vêr 

I dag er det så mykje vêr i landet at vi kjenner vindkasta ta tak i huset jamvel i ei skogbygd på Austlandet. Så høver den bra, boka eg les på bussen for tida: Narve Fulsås' Havet, døden og vêret: Kulturell modernisering i Kyst-Noreg 1850-1950 (Oslo: Samlaget, 2003). Det er ei svært interessant bok, og godt leseleg. Fulsås kartlegg endringar i fiskarbefolkninga (særleg den nordnorske) sitt forhold til havet og vêret gjennom ei rekkje ulike innfallsvinklar: Religion, teknologi, kommunikasjon ... Sentralt står utviklinga av meteorologien. Fin julegåve til deg sjølv eller nokon du kjenner.
# lagt inn 22.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?