<$BlogRSDUrl$>

26.7.04

Nordover 

Da er alt pakka og klart, eg set meg i bilen og køyrer nordover. Målet er Gildeskål, barndomsheimen til Elias Blix. Du høyrer ikkje frå meg på eit par dagar. Men ikkje bli borte, eg lovar å skrive "heimatter ender og daa".

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.7.04

Blix i krabbeperspektiv? 

Kva er det eigentleg som driv ein historikar, eller ein biograf? I svært mange tilfelle, trur eg, kjensla av at ein må gå bakover for å kome framover - "i krabbegang", gjerne det.

Kva for vegar viser tilfellet Elias Blix? Vel, han kan ha mykje å fortelje om vinning og tap ved geografisk og sosial mobilitet. Kan han òg ha noko å seie om korleis ein kan vere kristen i det 21. hundreåret, eller korleis ein kan vere norsk? Det er mogleg, men ikkje sjølvsagt. Kan hende krev det 21. hundreåret heilt andre svar? Men så langt har eg Forkynnaren si kjensle (1,9-10):
Det som var, skal alltid vera,
og det som hende, skal atter henda.
Det finst ingenting nytt under sola.
Vert det sagt om eitkvart: «Sjå, dette er nytt»,
har det likevel funnest før,
alt ifrå eldgamal tid.
"Das hört nicht auf. Nie hört das auf."

Bibelsitat frå Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Krabbegang 

Attende til Tyskland: Eg sette meg føre å lese ei bok på tysk under opphaldet der, og valet (i kiosken på jernbanestasjonen i Kiel) fall på Günther Grass' Im Krebsgang (2002). Det var eit godt val, sjølv om det tok litt tid å venne seg til den utprega austlege dialekten til ein av dei sentrale bipersonane.

Norske presentasjonar av boka kan du finne t. d. hos NRK og Dagbladet. Romanen (eller "novella", som undertittelen påstår at det er) har mange lag. Sentralt står forteljinga om torpederinga og forliset til det store passasjerskipet "Wilhelm Gustloff" i januar 1945. Båten var fullasta med flyktningar frå Aust-Preussen, og tapstala (som ingen har full oversikt over) var mange gongar høgare enn "Titanic". Boka sette i gang ein viss debatt i Tyskland. Dette har vore eit fortagt kapittel av tysk krigshistorie. Kan og bør ein no tale om tyskarar som krigsoffer, og ikkje berre om den tyske aggresjonen under krigen? (Kyrre Tomm Lindvig har skrive litt om dette i Prosa 3-2004) Sjølv er eg overtydd om at krig berre har taparar, endå meir etter å ha fått eit visuelt inntrykk av øydeleggingane i Leipzig, gjennom noko ein vanskeleg kan karakterisere som anna enn terrorbombing (Dresden fekk eg diverre[?] ikkje sett på denne turen).

Difor var det andre aspekt ved boka som tala meir til meg. Viktige element er internett (ikkje verst det, av ein mann på 75 år), nynazisme, familie- og generasjonsproblem, og, ikkje minst, det evige spørsmålet "Kan ein lære noko av historia?" Alt tittelen signaliserer den siste problemstillinga. Eg-personen går, som krabben, "baklengs, for å kome framover". Men historia viser seg å vere svært kompleks og gjenstand for ulike og konkurrerande tolkingar. I dette tilfellet får skilnaden i historietolking katastrofal utgang (drap). Dei siste sidene i boka ser ut til å styre mot ein slags "happy end", men nei: Det begynner alltid på nytt. "Das hört nicht auf. Nie hört das auf," lyder den djupt pessimistiske sluttlina.

Meir om Günther Grass, Im Krebsgang (tysk)
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Gildeskål 

Verkeleg lei meg er eg for at eg kjem for seint til Bodø-presten Svein Malmbekk si Blix-førestilling i Gildeskålkyrkja. Eg rekk i det minste ein prat med Oscar Berg, som styrer Gildeskål Bygdesamling, før han tek ferie. Det gler eg meg til.

Send ein kommentar.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Olsok 

Avisa Nordland melder at Gildeskål er "Klar for årets Olsok." Det er fint, for eg har tenkt å feire Olsok i Gildeskål. Det kjem mange andre òg, for i Gildeskål har dei Olsokstemne i heile ni dagar:
Mannlige, norskspråklige visesangere blir det mange av – Odd Nordstoga kommer, det samme gjør Halvdan Sivertsen, Ola Bremnes og Terje Nilsen. I tillegg debuterer den lokale sangskriveren Arild Sandberg med eget band og egenkomponerte sanger på ungdomshuset på Inndyr.

– Vi har valgt artister med det for øye at vi skal ha en bred appell. Programmet er utpreget folkelig og kjemisk fritt for jazz. Men vi har også ryddet plass til innslag av samtidskunst, og da tenker jeg spesielt på kunstnerne fra «Sørfinnset skole» og Tor Waageng og hans utstilling. Sistnevnte er en nyskapende billedkunstner som har spesialisert seg på digital bearbeiding av fotografier, forteller Olsok-generalen til Avisa Nordland.
OK, eg er litt lei meg for det med jazzen. Men no fekk eg endeleg høve til å nemne det nynorske popikonet (eller kva han no er) Odd Nordstoga. Det var på tide. Han er jo arvtakaren til Aasmund Olavsson Vinje. I alle fall kjem han frå same Plassen. Diverre rekk eg ikkje konserten hans i Gildeskål, den er på sundag, og eg er vel først framme onsdag. Men eg trøystar meg med å lese om att min favorittkommentar til popfenomenet Nordstoga, Ragnar Hovlands (tekstforfattaren til "Kveldssong (for deg og meg)") "Popstjerne igjen".

Meir om olsok i Gildeskål.
Meir om Odd Nordstoga.
"Popstjerne igjen."
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sal 

"– Biografiene ligger i tetsjiktet på salgsstatistikken," seier forlagsredaktør Oliver Møystad i Gyldendal til Nationen. Det var jo oppmuntrande. Men personleg får eg vel vente med å selje skinnet til 2006.

Les meir.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.7.04

Meir om Johanne 

Det er neppe nokon i landet som kjenner norsk musikkliv på 1800-talet betre enn Harald Herresthal. Hjelpsam er han òg. Han skriv:
Johanne Rytterager, som senere ble gift Thue "indtok længe en fremskutt stilling", heter det i Norges Musikhistorie 1921, bd.2, s.267 i forbindelse med musikklivet i Kristiania i 1880-årene. Jeg er sikker på at det er mulig å finne konsertprogrammer fra hennes konserter på Norsk Musikksamling. Edvard Grieg nevner henne i forbindelse med at hun spilte a-mollkonserten og Folkelivsbilder op. 19 i Leipzig i mars 1875. Leipziger Tageblatt skriver:
"Fräulein Rytterager erntete mit dem Vortrag dieser Stücke reichen Beifall, aber sie spielte auch ausgesucht schön, mit jugentlicher Nerve, technisch glatt und sicher, dabei mit einem für eine Dame seltenen und für einen Schetzflügel mehr als genügenden Aufwand von Kraft." sitert i: EG, Brev til Frants Beyer 1872-1907 (utgitt av Benestad og Kortsen), Oslo |1993, s.25.
Hun spilte Sindings klaversonate i f.-moll på Musikforeningens konsert 1.3.1879. Det var første gang et verk av Sinding ble spilt i Kristiania.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Omgangskrinsen 

Korleis opplevde den nygifte Emma Blix byrjinga på ekteskapet sitt? Å vere med ein akademikarmann på studiereise i utlandet kan vere eit einsamt tilvære. Men Emma Blix var ikkje heilt einsam i Leipzig. I breva ektemann Elias skreiv til si svigermor Marie i mai 1872 nemner han flittige visittar av "frøknene Hoffeldt, Rytterager og Jacobsen". Den siste, med førenamnet Cathinka, var jamvel fadder til Hans Peter Blix ved dåpen 19. juni.

"Frøknene" var komne til Leipzig først i november 1871, nokre dagar etter familien Blix. Det var musikkonservatoriet som hadde ført dei dit, til liks med mange andre norske. Johanne Olivia Hoffeldt Rytterager var fødd i Kristiania i 1849, og altså jamaldring med Emma Blix. Familien Rytterager budde i Kirkegata 2. Barndomsheimen til Emma, Revierstredet 9, låg i nabokvartalet. Det er ikkje usannsynleg at dei var gamle kjende. Johanne må ha vore ein svært gåverik pianist. Dette var ikkje den første utanlandsturen hennar. Alt i 1868 hadde ho skaffa seg pass for å reise til Berlin, den gongen saman med Agathe Backer (Grøndahl). I Leipzig var ho i denne omgangen i to år, fram til 1873. Men ho kom att seinare. I mars 1875 heldt ho konsert i byen. Da oppførte ho Griegs a-mollkonsert og dei tre "Folkelivsbilder" op. 19, med komponisten sjølv i salen. Hennar vidare karriere kjenner eg ikkje, anna enn at eg tilfeldigvis har funne ein referanse til ein konsert ho skal ha halde i Kristiania sist i 1880 eller tidleg i 1881. Ho gifte seg med lækjaren Henning Junghans Thue (f. 1852). Dei hadde ved folketeljinga i 1900 tre barn, og budde i Kristiania.

Caroline Magdalene Sofie Hoffeldt, Johanne si ugifte tante (fødd 1820), var med som følgje ("Begleitung", ifølgje framandprotokollen) under heile opphaldet i Leipzig. Eg veit ikkje anna om ho enn at ho var mora si eldre søster. Men ein får jo ei kjensle av overklassetilhøve.

Men det er tydeleg at det var Sophie Cathinka Jacobsen som stod Emma aller nærast. Ho var òg konservatoriestudent og, får vi tru, om lag på same alder. Diverre har eg ikkje greidd å spore henne opp i andre kjelder. Kan nokon hjelpe meg å finne henne att? Namnet er skrive på fleire måtar, eg har registrert både Cathinca, Cathinka og Kathinka (som ho nytta som førenamn til dagleg), Jacobsen og Jakobsen. Men eg skulle gjerne visst kor ho kom frå, kor ho vart av, og om ho heldt kontakt med Blix-familien seinare.

Emma hadde visst òg spela noko piano i ungdommen, forresten.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.7.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Stoda 

Eg har fleire jern i elden for tida. Dels arbeider eg vidare med materialet eg samla i Leipzig, dels førebur eg ei reise til Gildeskål i neste veke.

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.7.04

Blix på færøysk 

Apropos "Song i himmelsalar": Her finn du teksten til tittelkuttet "Sjå, dagen sprett i austerætt" (etter mange høyringar, den songen eg er aller mest glad i av Dvergmål-versjonane, med Marit Mattisgard i den førande rolla) - på færøysk! Første verset lyder:
Nú dagur steig / úr eysturleið,
hann lívið upp man yngja.
Burt myrkur flý! / Dagsglæman ný /bjart gyllir ský,
og túsund tungur syngja.
Den færøyske salmeboka inneheld ni Blix-tekstar. Vi får kome attende til dei andre.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Valdres 

Ja, det gjeld Dvergmål att. Torsdag kveld (22. juli) kan du oppleve "Song i himmelsalar" i Skrautvål kyrkje, under Jørn Hilme-stemnet. Klikk på "Program" og deretter "måndag-torsdag".

Du har ikkje høve til å dra, du heller? Kjøp plata, da vel.

Meir om "Song i himmelsalar".
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.7.04

M/S Elias Blix II 

Rutetider finn du her.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Storebror 

Elias Blix var ikkje eldste son til Margrethe og Peder Christophersen, som det står i alle framstillingar eg har lese. Dei hadde før fått ein gut 30. januar 1835. Han vart heimedøypt same dagen og fekk namnet Christian Nicolay. Men han fekk berre leve ei veke. Han døydde 7. februar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bryllaupsdag 

I dag er det bryllaupsdagen til Emma og Elias Blix. Dei gifte seg i Vår Frelsers kirke (Oslo domkyrkje) 19. juli 1871.

Tilfeldig? Neppe! Det hende på dagen førti år etter at Margrethe Christophersdatter og Peder Christophersen, foreldra til Elias Blix, gifte seg i Gildeskål kyrkje, 19. juli 1831.

Eg kjem i hug ein episode frå vi var prestefolk i Gudbrandsdalen. På Lillehammer fortalde prost Magnor Langset om han som ringte - to år før OL i 1994 - for å bestille tid for vigsel under sjølve leikane. Men han visste ikkje kven han skulle gifte seg med ...

Eg har ikkje Elias Blix mistenkt for å drive tilsvarande planlegging. Men "timinga" var jo god.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.7.04

Krig 1813, 1866, 1870 

Ikkje berre den siste krigen har sett preg på Leipzig. Sør for sentrum finn du den store Völkerschlachtdenkmal, minnesmerket om det store slaget ved Leipzig i 1813, eit avgjerande nederlag for Napoleon Bonaparte.

Men klimaet i det Leipzig som Emma og Elias Blix møtte hausten 1871, var sterkare prega av to seinare krigar: Den tysk-austerrikske i 1866 og den tysk-franske i 1870. Ikkje fordi det var kamphandlingar eller øydeleggingar i sjølve byen, men fordi dei representerer to viktige fasar i Tysklands samling: I 1866 var kongeriket Sachsen (der Leipzig høyrer til) saman med Austerrike på den tapande sida, og landet måtte akseptere preussisk herredøme. Og etter sigeren i den felles krigsinnsatsen, først mot Napoleon III og seinare mot Pariskommunen, i 1870 vart Wilhelm I av Preussen utropa til tysk keisar. Det hende 18. januar 1871 - i spegelsalen i Versailles. Familien Blix kom altså til Leipzig i sjølve det året da Bismarcks visjon om eit samla Tyskland var blitt ein realitet. Dei opplevde ei av dei viktigaste endringane i tysk historie. Eg kan for lite om dette, men inntrykket mitt er at den norske stemninga i desse åra helst var pro-fransk. Kva for tankar Elias Blix har gjort seg om den politiske situasjonen, veit eg ikkje.

Men eg veit at begge dei viktigaste lærarane hans i Leipzig, professorane Fleischer og Delitzsch, var djupt personleg involverte: Dei hadde kvar sin son som tok del i den tysk-franske krigen. Samtlege brev eg har funne etter Fleischer i Leipzig (det finst nok andre, men dei har eg ikkje funne) er frå krigsåret. Og i Nasjonalbiblioteket i Oslo ligg eit brev frå Delitzsch til hans gamle ven professor Caspari i Kristiania, skrive etter dødsfallet til Delitzsch junior. Han gjorde teneste som feltlækjar og døydde av sjukdom - som heilt opp til vår tid har vore ein vanlegare dødsårsak i krig enn kamp.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Krig 1943 

Og no held arbeidet med materialet frå Leipzig fram.

Bybiletet i det sentrale Leipzig, særleg gatenettet, gjev eit godt inntrykk av korleis byen såg ut i 1871-72, då Elias Blix var der. Men store delar av bygningsmassen er ny. Den viktigaste grunnen til det er siste verdskrig. Store delar - nokre kjelder seier ein firedel - av byen vart øydelagt av kraftige allierte bombeangrep, det verste natt til 4. desember 1943. Det er mogleg at bustaden til Blix (Parkstrasse) alt var erstatta av nye hus før krigen, men i alle fall vart heile dette kvartalet øydelagt no. Det same galdt dei monumentale bygningane rundt Augustusplatz, mellom dei Gewandhaus og universitetsbygningane. Ein bygning vart ståande uskadd: Den gamle universitetskyrkja (Pauluskyrkja). Men den vart offer for kommunistisk byplanlegging. I 1968 vart mellomalderkyrkja frå 1200-talet sprengt for å gje plass for eit funksjonelt universitetsområde. Men den gamle Augustusplatz er rikt dokumentert gjennom bilete. Den beste samlinga eg har funne er denne.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Heime 

Heime att, sidan i går kl. 01.00.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.7.04

Farvel til Leipzig 

For ordens skuld: Eg har ikkje BERRE stöva ned i arkiv og bibliotek denne veka. Eg har vore i Thomaskyrkja og höyrt gutekoret (det til Bach) avslutte skoleaaret med aftansang, i Bach-museet, i "Museum in der runden Ecke", som fortel soga om Stasi og har utstillingar om "Die Wende", hendingane i 1989 som kulminerte i Tysklands samling kort tid etter, og eg har vore ein sundagstur i Luther-byen Wittenberg. Heimreisa gaar over Berlin. Eg blir der eit par dagar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bustaden 

Husväret til Emma og Elias Blix laag svärt sentralt i Leipzig. Dei budde hos familien Pöschel i Parkstrasse. Huset finst ikkje meir. Leipzig vart kraftig bomba under siste verdskrig, og dette er eit av kvartala som berre har nyare bygningar. Men gata ligg der, i dag heiter ho Richard Wagner-Strasse, og det er framleis park der, rett framfor jernbanestasjonen. Hauptbahnhof (bygd 1913) overlevde krigen. Den er bygd paa tomta til tre eldre jernbanestasjonar. Eg veit ikkje, men eg likar aa tru at familien Blix kom med toget nordfraa til Magdeburger Bahnhof.

Det var og kort veg til universitetet. Heller ikkje dei gamle universitetsbygningane overlevde krigen. Men det moderne universitetet (med högblokka som paa folkemunne vert kalla "visdomstanna") ligg same staden, ved Augustusplatz.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Timeplanen 

Timeplanen til Elias Blix i Leipzig har eg relativt god oversikt over. Men nokre detaljar maa eg sjekke naar eg kjem heim. Han har fölgt förelesingar 10-12 timar i veka dei to semestra han var ´ved universitetet, vintersemesteret oktober 1871 - april 1872 og sommarsemesteret april - august 1872. Seks av timane höyrde han den kjende arabisten Heinrich Leberecht Fleischer (1801-1888), i to studerte han syrisk med professor og universitetsbibliotekar Ludolf Krehl, og resten brukte han paa hebraisk, särleg etterbibelsk (rabbinsk og mellomalderlitteratur), med teologen Franz Delitzsch. Som ein ser: Berre filologisk undervisning. Det er eitt unnatak: I vintersemesteret var han paa ei förelesingsrekkje over profeten Jesaja ved det teologiske fakultetet.

Det er gode kjelder til dette. Blix skreiv sjölv ein rapport til universitetet om studiereisa, og dei tre nemnde professorane har alle skrive attestar for han, som vedlegg til söknaden om adjunktstipendium tidleg i 1873. Her i byen har eg kontrollert opplysningane mot förelesingskatalogen.

Blix maatte tidleg opp. I sommarsemesteret starta Fleischer förelesingane klokka sju om morgonen, fire dagar i veka.

Naar Blix ikkje var i byen heilt til semesterslutt, men reiste ved utgangen av juli, trur eg det var av ökonomiske grunnar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.7.04

Blix i Leipzig 

Etter arbeidsdagar i universitetsarkivet, byarkivet, det kyrkjelege arkivet og det offentlege biblioteket i Leipig har eg dette aa fortelje om opphaldet til familien Blix:

1. Den 23. oktober 1871 skreiv Elias Blix seg inn i politiets "Fremdenverzeichnis", med heile sitt hus, saa langt berre fru Emma. Dei hadde altsaa ikkje med seg noka norsk hushjelp, slik venen Bang seinare hadde. Men saa hadde dei heller ikkje born - enno. Blix-familien fekk opphaldslöyve for eit halvt aar, til 23. april 1872. Seinare vart det forlenga med eit halvaar til, til 23. oktober. Som föremaal med opphaldet i Leipzig staar det "Studien", med tilföyinga "Dr. theol." Det er lite truleg at Blix har blöffa med titlar, saa det er vel studiemaalet som er oppgjeve. Folk kom ellers til Leipzig i ymse ärend; paa same sida i framandboka er ei austeuropeisk kvinne innskriven med föremaal "Prostit."

2. Dessutan har Blix gjeve opplysningar om bustad og husvert i Leipzig. Det kan sjaa ut til at han hadde skaffa seg husväre paa förehand, det er ikkje registrert noko opphald paa hotell eller liknande. Blix-familien budde under heile opphaldet hos ein familie Pöschel i Parkstrasse 2. Det er mange kjelder som stadfestar adressa.

3. 8. november skreiv Elias Blix seg eigenhendig inn i universitetsmatrikkelen som student. Han oppgav "Christiania" som födestad, skreiv seg inn som "Ausländer" saman med folk fraa Bayern og Preussen, og oppgav "teologi" som studium. Tilsvarande i politiets "Studentenverzeichnis". Men, og her kjem eit interessant poeng: I den alfabetiske lista over studentar vart Blix oppfört under det filosofiske, og ikkje under det teologiske fakultetet. Og i "Protocoll über die den studirenden ertheilten Studien- und Sittenzeugnisse" staar det òg "Philos." Eg skal argumentere for at Blix si omvending til filologien fann stad i Leipzig. Det skal du faa höyre meir om naar eg kjem heim.

4. Det var mange nordmenn i Leipzig dette aaret. Dei eg veit om, var ved musikkonservatoriet. Pianisten Erika Lie (seinare Nissen) var her, likeeins komponistane Johan Svendsen, Johan Selmer og Ole Olsen. Den siste er spesielt interessant. Han var fraa Hammerfest, og tok svärt aktivt del i den nordlandske foreininga i Kristiania fraa 1880-talet og frametter. Men eg kan ikkje dokumentere nokon kontakt i Leipzig.

Derimot er det tydeleg at unge Emma hadde eit nettverk av norske vener ved konservatoriet. Nokre dagar etter familien Blix kom Johanne Olivia Hoffeldt Rytterager og Sophie Cathinca Jacobsen til byen for aa studere ved konservatoriet, saman med ei fröken Hoffeldt, sannsynlegvis ei tante av Johanne som var med paa reisa som anstand.

5. Hans Peter Blix, född 3. mai 1872 og döypt 19. juni i Nikolaikyrkja, har ogsaa sett mange spor att etter seg i offentlege og kyrkjelege kjelder. Fadrar ved daapen var foreldra og Kathinka Jacobsen, som tydeleg var den näraste venninna til Emma Blix i Leipzig. Tru om dei kjende einannan fraa för?

6. Familien Blix forlet byen 31. juli 1872. Det ser ut til at heimreisa gjekk over Lübeck. Tog til Lübeck, baat heim? Eg veit ikkje.

Vel, det faar vere bra for i dag. Meir sidan.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Leipzig 

Det er vel paa tide at BlixBlog skriv "heimatter", som salig Dölen ville sagt det. Eg har vore tre dagar i Leipzig, Bachs, Mendelssohns, Griegs og Johan Svendsens by. Men dessutan, byen der Elias Blix budde og studerte i 1871-1872 - og byen der läraren hans, Carl Paul Caspari, hadde studert og undervist för han kom til Kristiania.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.7.04

Meldinga 

Telemark Arbeiderblad melde Dvergmål, "Song i himmelsalar" 30. juni, under tittelen "Gledeleg gjenhør med Dvergmål". Meldar er Tore Skaug.

Les meir.
# lagt inn 3.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.7.04

Fond 

Oppmuntrande melding i går: Eg har fått ei løyving på kr. 10 000 frå Anne Røflo Longva og Alf André Longvas Fond. Med det er den store nordnoreg-turen i slutten av månaden sikra. Gildeskål, no kjem eg!

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Romarne 

Sommarhelsing: Elektronisk utgåve av Elias Blix' første bibelomsetjingsprosjekt.Send ein kommentar.
# lagt inn 2.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 16,24-27
24 Vaar Herre Jesu Kristi Naade vere med dykker alle! Amen.
25 Men honom, som er megtug til aa styrkja dykker etter mitt Evangelium og Forkynningi um Jesus Kristus, etter Openberringi av den Løyndomen, som heve voret duld fraa ævelege Tider,
26 men no er komen til Synes og ved profetiske Skrifter, etter den ævelege Guds Bod, kunngjord fyre alle Heidningar til aa verka Lydnad mot Trui,
27 honom, den eine vise Gud, ved Jesus Kristus, vere Æra i all Æva! Amen.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Slik sluttar Romarbrevet, i Elias Blix' og Ivar Aasens versjon. Med det tek "Dagens Blix" ei pause, medan utgjevaren er på tur.

Les heile kapitlet.
Les verset i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.7.04

Roskilde 

Aftenposten skriv under overskrifta Heftig Roskilde-oppvarming: "Norske Noxagt sørget for et heftig vorspiel, da de varmet opp tusener av småfrosne festivalister fra campingscenen på Roskildefestivalen i går ettermiddag."

Og endeleg har BlixBlog eit påskot til å skrive noko om Roskilde-festivalen ... Noxagt kjem att på Quart (fredag 9. juli, på Arbeideren i Kristiansand). Men sannsynlegvis utan bestefar.

Les meir.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i Varden 

Telemarksavisa Varden presenterte Dvergmål sin CD "Song i himmelsalar" i går, gjennom eit intervju med Jon Anders Halvorsen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Utlandet 

Dølen sundag 6. juli 1862:
Solengi eg er i Utlandet, kjem Dølen ut berre ender og daa, ettersom eg skriver heimatter.

Utgjevaren.
Eg les Reidar Djupedal si forvitnelege utgåve av Dølen som sommarlektyre for tida. Det er eit fantastisk kapittel i soga om norske massemedium. Og det er ikkje fritt for at eg dreg samanlikningar med mi eiga verksemd på BlixBlog - sjølv om den verken femnar like vidt eller er like åndfull som verksemda til Vinje. På den andre sida skaffar ikkje BlixBlog meg slike pengesorger som dei Dølen påførte Vinje.

Men ein ting er likt: Om sommaren må vi ut, Vinje og eg. Vinje var på den store englandsferda si sommaren 1862. Eg reiser til Tyskland over helga, for å gå etter fotefara til Emma og Elias Blix i Leipzig. Du høyrer frå meg i morgon. Så kan det gå nokre dagar, men følg med. Eg lovar å "skrive heimatter ender og daa".

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i Dølen 

Som Blix sjølv fortalde i 1901:
So var det diktaren Aasmund Vinje; han melde salmarne strakst i “Dølen” - paa sin eigen maate, men mykje rosande; han saag i dei ein lovnad “baade um ei norsk salmebok og ei norsk bibelumsetjing.” Fyrr hadde han ofte sagt, at han gjekk med tvo store fyremaal: aa umsetja Homer og bibelen paa landsmaal; men daa det fyrste vesle salmeheftet kom, sagde han: “no tek du bibelen, so greider eg Homer.”
Meldinga stod i Dølen på sjølvaste påskedagen, sundag 28. mars 1869, under overskrifta "Ei ny Salmebok". Vel, sjølve omtalen av Nokre Salmar er unnagjort på nokre få liner. Mesteparten av stykket brukar Vinje til, i kjend stil, å meine mykje om mangt. Han utviklar ein heil religiøs poetikk undervegs:
... for Poeten er altid det mest fullgyldige Uttrykk for si Tid. Han gjeng vel, er han rett god, liksom eit Stykke i Fyrevegen og so dreg si Tid etter sig; men likevel so berer han og paa seg Merket af si Tid.
Men i kyrkja, synest han, vert poetikken overkøyrd av dogmatikken.
Ettersom Diktaren er god til, er han aalmenn. Den sanne Hjartevarmen og den djupe Sukken over det Ufullkomne i Livet og den glade Takken over det Ljos, me hava, det høver for alle Mann. Men di meir ei Salmebok gjere dette, di mindre salmelik er den etter Tanken i alle desse theologiske Partimeiningar, som hava voret dei raadande i denne Grein af Bokriket.
Landstad får god omtale, men jamvel arbeidet hans er problematisk, "for om Theologer kunde finna seg i hans dogmatiske Ord og Vendingar, so er dette ikke so lett gjort med hans norske." Og det er ikkje berre "Motmenn til eit Norsk Maal" som peikar på dette. Når det gjeld dei "Norske Ord og Vendingar her og der inne i desse Salmer i Bokmaalet" må Vinje sjølv vedgå at dei
tidt koma som Haar i Smør. I Vers kjenner du best, at det anten maa vera reint Bokmaal eller reint Norsk. Denne Millomting og dette Blandingsgods er umusikalsk og umogeleg. Der gjelder det framfor Alt, at taka Stiget fullt ut og koma over i den andre Toneart.
Det er på dette punktet at han introduserer Nokre Salmar:
I denne vesle Bok fraa det Norske Samlag, som her er Test for all denne Tale, der hava me ein Mann, som tek dette Stig fullt ut, og derfor verdt der og Tone til hans Tanke og Fylle i hans Følelse. Det er med faa Ord eit utrulegt godt Arbeid, og eg skulde taka myket imiste, om ikke dette er ei Vendebok i vaart theologiske Bokrike. Her er ein Theolog, som baade ved sin Lærdom og i si Dogmatik er urørande og med det Kjenskap til den Norske Tunga og den Dugleiken i Tilgjerd af sit Tanketo, at nokot fullgyldigt kan koma fraa hans Haand sovel i bunden som ubunden Stil. Her er Utsigt baade til ei Salmebok og ein Bibeloversettelse i Landsmaalet. Dette hava Folk som eg lenge ventad paa, og det skal derfor Ingen undras paa, at me ero glade, naar me sjaa Likning til, at slikt kan koma.
Vinje lovar faktisk å omsetje Homer, om han lever lenge nok. Men til bibel og salmar må det til ein som folk lit på som ein truande. "Folk maa tru, at Mannen trur, skulle dei tru paa honom." Det må til "Theologer, som ero faste i dei dogmatiske Haandgrip og Fotlag."

Vinje sluttar meldinga med å gje att "den gode gamle Paaskesalme" "Som den gylde Soli bryter."

Les heile meldinga (.pdf-fil)
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmar i Dagbladet 

Det første vesle heftet av Nokre Salmar kom altså ut til påske i 1869. Tysdagen i den stille veka, 23. mars, noterer Aasen i dagboka si: "Af Blix: Nokre Salmar." Påskeaftan, laurdag 27. mars, trykkjer Dagbladet "Den Paaske er væl ljos og blid" på framsida, under overskrifta "Paaskesalme", men utan opplysningar om opphavsmann eller publikasjon. Fredagen etter, 2. april, kjem det ei melding signert o. på framsida. Denne signaturen er, så vidt eg veit, ikkje identifisert. Meldaren, som presenterer seg som "ældre Lærer," vil "især anbefale denne Bog til Lærere og Forældre." Han legg stor vekt på det pedagogiske potensialet i salmane: "Dette forjætter en rig Velsignelse, at Barnet faar lære Troens Sandheder paa sit eget maal." Til slutt gjev han att "Den Veg til Livet er so trong," som ei prøve på arbeidet til "vor nationale Salmedigter."

Les heile meldinga (.pdf-fil).
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 16,22
22 Eg Tertius, som skriv Brevet, helsar dykker i Herren.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Det var den gongen dei heldt seg med sekretærar, det. Kva ville Paulus ha vore i våre dagar? Verdsvev-evangelist?

Les heile kapitlet.
Les verset i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?