<$BlogRSDUrl$>

31.1.05

Dagens Blix 

Ein Saamann gjekk og skulde saa / Og ventad fager Grøda.
Men ikkje alt fekk Mogning naa / Og giva Korn i Løda.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 42

"Sundag sexagesima" heiter i våre dagar "Såmannssundagen", etter evangelieteksten Lukas 8,4-15. Salmen er eit heilt enkelt, men ganske godt, evangelierim. Inga preike, berre ei nokså ordrett omsetjing på rim. Igjen er vi i eit miljø Elias Blix kjenner godt, eller rettare: Han sår det bibelske såkornet på heimleg grunn. Artig er det vesle tillegget til vers i 2. strofe: "Sumt fall paa Veg, der Fugl det fann, Og Fefot ned det trødde".

Og i siste strofe held den raude tråden frå i går fram. I dag er det einskilde menneskehjartet staden Gud gjer til ein Edens hage.
Aa Herre, du som Ordet saar, / Du sjølv vaart Hjarta lage,
So det maa giva grorsamt Aar / Og bløma som din Hage!
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 31.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.1.05

Christian 

I dag er det 170 år sidan Christian Nicolai Pedersen vart fødd, 30. januar 1835. Christian Nicolai var den førstefødde sonen til Peder Christoffersen og Margrethe Christoffersdatter Våg i Gildeskål. Den andre sonen heitte Elias Blix.

Om du ikkje har høyrt om denne storebroren til Elias Blix, er det ikkje så rart. Guten vart ikkje meir enn åtte dagar gammal, han døydde 7. februar.
# lagt inn 30.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Naade, Naade utan Ende, / Aa, kor er Guds Naade stor!
Verdi seg fraa honom vende, / Gløymde burt hans gode Ord.
Men vaar Gud oss ikkje gløymde, / Men oss i sitt Hjarta gjøymde.
Alt fraa me i Syndi fall, / Gjekk paa Jordi ut hans Kall.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 41

Vi er komne til "Sundag Septuagesima" i 4. utgåve av Nokre Salmar - eller "Vingardssundagen", som den heiter no for tida. Eg ligg framleis to veker etter skjemaet. Evangelieteksten er likninga om arbeidarane i vingarden, Matteus 20,1-16.

Salmen er vel ikkje av dei formelt sterkaste, kan hende har dette gått litt fort. Første strofe har for eksempel to liner på rad som begynner med "Men", attpå til i trykksterk staving. I Landstads reviderte og Nynorsk Salmebok er "men" nummer to blitt til "Han". Og medan "Kvinnesonen knuste Ormen" i strofe 3 er ein allusjon til 1. Mosebok 3,14-15, ser eg på "Daa gjekk Kallet ut som Stormen" som eit reint naudrim, inntil nokon overtyder meg om at det ligg ein bibelsk allusjon her òg.

Likevel, salmen er svært interessant. Ein kan nok bli skeptisk i løpet av dei første strofene. Predikantar som finn det naudsynt å begynne med Adam og Eva, vert lett langdryge. Men det viser seg fort at Blix ikkje har tenkt seg gjennom heile bibelhistoria. Vingardsteksten aktiviserer typologien Edens hage - Kristus - kyrkja, ein klassisk streng i kristen tradisjon, som etter mi meining er sjølve den raude tråden i salmediktinga til Elias Blix. Dette er stadene der Gud auser ut sine gode gåver - "Naade, Naade utan Ende" - til gjennomsnittssyndarar. Slik ligg denne salmen svært nær påskesalmen "I Edens sæle Sumar" - som eg vil påstå er ein nøkkeltekst i verket hans.

Ein tanke har eg ikkje tenkt til endes enno: Det er tydeleg at Blix også hektar landet - nasjonen - på denne hagetypologiske strengen ("Gud signe vaart dyre Fedraland / og lat det som ...", akkurat!) Korleis tenkjer Blix eigentleg om forholdet mellom nasjon og religion, mellom kyrkje og folk?

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Onsdagens Blix.
# lagt inn 30.1.05 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.1.05

Dagens Blix 

Eg Syn og Hjarta lyfta maa / Til Berget upp og Jesus sjaa
I Guddoms Ljos og Klaare.
Eg fylgja vil i Saal og Sinn / Og glytta i den Gleda inn.
No ingi Sorg meg saare, / Og ingi Lyst meg daare!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 40

Det står berre ein salme for 6. sundag etter Trettandedag i Nokre Salmar, og den er av Thomas Kingo (1634-1703). "Jeg løffter Siæl og Øye op" er nett eit "evangelierim" av same type som Blix har så mange av. Vi forstår kor han har sjangeren frå. Evangelieteksten er Matteus 17,1-9, Tabor-opplevinga eller forklåringa på berget. I våre dagar er dette evangeliet utsett nokre veker, til Kristi forklåringsdag, som kjem rett før fastetida tek til.

Vel, det er eigentleg Landstads litt kortklipte versjon av Kingo Blix har lagt til grunn (8 strofer av dei opphavlege 11).

Blix har kan hende ikkje så mange eigne ord for Tabor-opplevinga, nokon mystikar er han kanskje ikkje. Det har eg ikkje tenkt på før. Han skreiv seinare ein originaltekst over same tema, "Jesus i Ljosbragd på Berget" (Salmar og Songar, 1900, s. 31-33). Men det er mest berre versemålet som er annleis, salmen er, til liks med denne, ei rimpreike over evangelieteksten.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.1.05

Dagens Blix 

Gud, lat din Ande og ditt Ord / Faa Yverhand paa Jord!
Og sjaa din Aaker og din Brodd / Med Ugras yversaadd!
Din Vokster stend vel her, / Men sjaa, kor tunn han er!
Kor litet er daa Livet kjent / Av Ord og Sakrament!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 39

Og her kjem gjendiktinga av nett den Brorson-salmen eg nemnde i går, "O Fader, la ditt Ord, din Ånd" (NoS nr. 530).

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.1.05

Dagens Blix 

Aa Herre Krist, kor illa stend / Det Sæde, som du saadde!
Kvat Grøda er av Ordet kjend, / Som du i Kyrkja straadde?
Der eingong vænt i Vokster stod / Di Grøda god
Og fager Skurd deg spaadde.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 38

Evangeliesalme til 5. sundag etter trettandedagen (Kristi openberringsdag), over Matteus 13,24-30.

Denne er mellom dei ufortent gløymde Blix-salmane. Den skil seg ut ved det alvorlege temaet sitt. Gud held nok dom og skil mellom menneske andre stader hos Blix også, men sjeldan så tydeleg som her. Det er bibelteksten, likninga om ugraset i åkeren, som fører denne tonearten inn i Blix' song, han skriv over oppgjeve emne.

Men han skriv godt. Salmen er livsnær, som Jesu likning er det. Den som skriv dette, har vore med i onnene på ein karrig nordnorsk kornåker. Og den er gjennomarbeidd. Du får tilbod om gode sko til den smale veg her òg (eg siterte Einar Økland her om dagen). Berre sjå på bokstavrima i første strofe: "Der eingong vænt i Vokster stod / Di Grøda god / Og fager Skurd deg spaadde."

Kine Hellebust har sett kvalitetane i denne teksten og teke med ei nytolking på Blix-CDen sin. Norsk Salmebok hadde ikkje rom for salmen. Vel, ein kan ikkje få med alt. Men eg meiner no denne salmen fortener ein plass ved sida av Brorsons "O Fader, la ditt Ord, din Ånd" (NoS nr. 530).

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.1.05

Ole 

Ole Parelius Pedersen, veslebror til Elias Blix, vart fødd 23. januar 1839. 166-årsdag i dag, med andre ord.
# lagt inn 23.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

I Jesu Namn /Me stemna fram til Himmelhamn.
Med Krist umbord / Me styra yver Livsens Fjord.
Naar han er med, / Me fara i Guds Fred.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 37

Denne salmen har vore med oss sidan hefte III av Nokre Salmar kom ut i 1875 - og den er framleis med oss, Norsk Salmebok 446. Den har mykje felles med salmen vi såg på i går. Det er frisk sjøsprøyt her òg, ikkje minst i kombinasjon med tonen til Otto Winter-Hjelm (1916).

Dette er den einaste salmen i Nokre Salmar som ikkje var knytt til ein alt eksisterande melodi. Både i 1875 og 1883 står teksten heilt utan tone. Ifølgje sonen Ivar hadde Elias Blix sjølv komponert ein tone til denne teksten, men så vidt eg veit, er den aldri publisert. Sannsynlegvis er den tapt. I 1891-utgåva står ein tone spesialkomponert til denne teksten av L. M. Lindeman (datert 30.4.1886), men den fekk aldri noko gjennomslag. Salmen venta altså på tonen sin heilt til 1916. Den er eit godt kornummer. Ein del gode Blix-salmar ventar framleis på å finne tonen sin ...

Eg er ikkje så god i metrikk. Er dette eit kjent versemål, eller er det originalt? Vekslinga mellom korte og lange liner gjev ein heilt spesiell effekt. Eg synest Winter-Hjelm kom fram til ei heldig rytmisk løysing. Det er ein fin balanse i melodien hans, dei korte tekstlinene får lange noteverdiar, medan dei lange tekstlinene har ei raskare rørsle. Hos Lindeman finn vi att den usynkrone tekstrytmen i melodien. Det er ikkje så vellukka.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1883-, 1875-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.1.05

Dagens Blix 

Ein Baat i Stormen duvad, / Men Jesus var um Bord.
Hans Læresveinar gruvad, / Daa Baara braut paa Fjord.
Men sjaa, daa Jesus vaknad / Og trugad Storm og Hav,
Daa Vind og Vaagar spaknad, / Og Vedret stillnad av!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 36

Vi er komne til "4. Sundag etter Trettandedag" i Nokre Salmar (4. utgåve). Sidan vi i morgon feirar sundag nummer tre etter Trettandedag, kunne ein tru at vi no låg framfor ruta og måtte ta det litt rolegare. Men kyrkjeåret har lurt meg i år: Fordi påska kjem så tidleg, kjem alle sundagane framfor påska tidleg, og nokre av dei får ikkje plass. Så kyrkja hoppar rett og slett over dei fleste sundagane i openberringstida - eller "etter Trettandedagen", som det heiter hos Blix - og eg hamnar på ny langt etter ruta. I morgon er det Såmannssundagen (Blix: Sundag sexagesima). Dit kjem vi først om ei vekes tid, tenkjer eg.

Nok om det. "Ein båt i stormen duva" er formelt like mykje evangelierim/rimpreike som fleire av dei salmane vi har sett på i det siste. Moderne hymnologar er ikkje særleg glade i denne forma.

Men nett denne salmen har nokre kvalitetar som gjer at den ikkje berre har overlevd, men til og med er mellom dei mest populære Blix-salmane. Det er sjølvsagt nærleiken til natur og daglegliv som gjer det. Ei stor kystbefolkning har kunna kjenne seg sjølv og nærmiljøet sitt att i denne skildringa. Det er evangeliet på norsk, Blix på sitt beste. Og så er dei jo her, alle dei verkemidla som har fått Einar Økland til å seie: "Når ein går på den smale veg i Blix sine ordleggingar, kjennest det som å gå i eit par gode sko." Sjå på bokstavrima "Brim og Baara" (strofe 3, for øvrig nytta som platetittel av Bodø Domkor) eller "Maal og Med" (strofe 6).

Salmen lever i beste velgåande, på nummer 470 i Norsk Salmebok. Det vil seie, ein har stroke nest siste strofe. Der kjem det plutseleg eit veg-vers mellom alt båtpreiket, og det lika ikkje sensorane. Vel, vel.

Og ja, det gløymde eg nesten, det er Matteus 8,23-27 som er evangelietekst for sundagen.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Onsdagens Blix.
# lagt inn 22.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.1.05

Flaggdag 


Det flaggar i byen. Gunnvor fyller år. Gratulerer!
# lagt inn 21.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.1.05

Reiserute 1859 

Eg har tidlegare skrive litt om den lengste reisa Elias Blix nokon gong gjorde, da han reiste frå Tromsø til Kristiania for å studere sommaren 1859. I dag skal du få fleire detaljar.

Måndag 11. juli 1859 går Blix ombord i dampskipet "Æger" og reiser frå Tromsø. Han har budd i denne byen i seks år. No skal han aldri sjå den att. I første omgang reiser han til barndomsheimen i Gildeskål. Turen dit tek eit par dagar. Han skal vere på ferie der i seks veker.

Adresseavisen 06.09.1859 Om sommaren går "dampen" ein gong i veka. Blix går på "Æger" att ein av dei siste dagane i august, reiser frå Gildeskål - no skal han ikkje kome dit før han er ferdig utdanna teologisk kandidat i 1866 - og kjem til Trondheim torsdag 1. september. Her tek han inn hos "Fladaas' enke", som det går fram av spalta "Anmeldte Reisende" i Adresseavisen 6. september. Han har skrive seg inn som "Student Blix, fra Tromsøe".


I Trondheim gjer Nidarosdomen sterkt inntrykk. Han reiser Gudbrandsdalsruta sørover. I eit brev til venen Johan Amundsen fortel han om sagagardane Melhus og Romol, og om Sinclairstøtta ved Kringen. Det er uklårt om han har reist landevegen heilt til Eidsvoll, meir sannsynleg er det kanskje at han har teke båt over Mjøsa. Frå Eidsvoll og inn har han i alle fall reist med den enno nokså nye jernbanen. Ankomst Kristiania: Laurdag kveld 10. september.

Kjelder:
Brev frå Anders Chr. Olsen til Ole Tobias Olsen, 11.07.1859
Adresseavisen, Nasjonalbibliotekets digitale avisbibliotek
Brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 30.10.1859
# lagt inn 19.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Til Gud eg lyfter Augat mitt, / Naar eg i Sorg og Trengsla sit.
Naar all mi Hugga burte er, / Til Gud mi Bøn um Hjelp eg ber.
Eg trur paa honom trøysteleg. / Han kann og vil nog verja meg.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 35

Denne salmen har vore med heilt sidan 1870, så den er ein gammal kjenning. Og det er berre i Blix-varianten, salmen sjølv er mykje eldre: Den er dikta av den første etterreformatoriske salmebokutgjevaren i Danmark-Noreg, Hans Thomissøn (1532-1573) ("Jeg løffter høyt op øyen mine / Naar ieg er sted i sorrig oc pine"). Sidan Kingos salmebok har salmen stått på tredje sundag etter trettandedagen ("Jeg løfter høit op øyne mine / Naar jeg er stedt i sorrig og pine"). Landstad gjendikta salmen ("Jeg løfter høit til Herrens Borg / Mit Syn, naar jeg er stedt i Sorg", L. 215), og likeeins altså Blix. Nynorskversjonen fekk leve litt lenger enn bokmålsversjonen, salmen stod i Nynorsk Salmebok (Blix), men ikkje i Landstads reviderte. No er den heilt borte frå norsk salmesong.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1883-utgåva, 1870-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 19.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.1.05

Sensur 

I dag kom kommentarane frå sensor Solveig Aareskjold til eksamensmappa mi. Eg har visst stått. Dermed er det faglitterære forfattarstudiet til ende for min del. Eg kan vel ikkje seie at eg kjenner meg som utdanna faglitterær forfattar, men studiet har vore svært viktig for utviklinga av dette prosjektet. Og så har eg hatt det privilegiet å bli kjend med mange hyggelege skrivande menneske. No er det altså slutt. Men først er det fest, 4. februar.
# lagt inn 18.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2. Tromsø 

I førre veke sende eg frå meg eit utkast til kapittel 1 i biografien. No er eg i gang med å gjennomarbeide kapittel 2, "Tromsø (1853-1859)". Der har eg alt skrive eit førsteutkast, så eg håpar det skal gå litt fortare denne gongen! Du vil finne mykje av materialet mitt om du ser etter i arkiva frå august til desember 2003.

I mellomtida kan du jo sjå på bileta av den gamle seminarbygningen i Tromsø, der Blix budde i 1853-1855, her og her.

Og svært takksam er eg om du kan hjelpe meg med eit uløyst spørsmål: Kva var adressa til Elias Blix i åra 1855-1859? Han var ikkje lenger på seminaret, men budde framleis i Tromsø.

Eg har greidd å lokalisere nesten alle bustadene til Elias Blix gjennom hans 65-årige liv. Men ikkje denne.
# lagt inn 18.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Du Hovudsmann, aa du var sæl! / Godt Lov du heve vunnet:
"So stor ei Tru i Israel / Eg aldri heve funnet!"

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 34

Og dette er preika over evangelieteksten for tredje sundag etter trettandedag - eller etter Kristi openberringsdag, som det heiter no for tida: Forteljinga om embetsmannen i Kapernaum, Matteus 8,5-13 (vel, i vår tid er det Johannes-versjonen som er preiketest, Johannes 4,46-54. Men på Blix' tid var det Matteus). Emnet er "tru", og det er slett ikkje nokon dårleg tekstmeditasjon. Om det er ein god salme, er eit anna spørsmål.

Kvar er det talande subjektet i salmen? Det står sannsynlegvis ikkje på preikestolen. Kan hende sit det i kyrkjebenken og høyrer. Meir sannsynleg er det at det sit for seg sjølv og les bibelteksten. Det er ein del perspektivskift undervegs. I første strofe (den som er sitert ovanfor) vender subjektet seg direkte til embetsmannen i forteljinga, ein spontan lesarreaksjon? "Du Hovudsmann, aa du var sæl ...". Men i andre til fjerde strofe er både Jesus og høvedsmannen omtala i tredje person, det talande subjektet betraktar forteljinga utanfrå, litt meir på avstand. Denne sekvensen sluttar med eit spørsmål, det problemet som heile salmen/meditasjonen krinsar rundt: "Kvat gjorde daa hans Tru saa stor?" Dei seks siste strofene gjev løysinga - i ein samtale mellom subjektet og Jesus: "Men naar eit Ord du segja vil ...". Etter at problemet er løyst og spørsmålet har fått svaret sitt i strofe 8, går det talande subjektet inn i rolla til embetsmannen og identifiserer seg med trua hans i dei to siste strofene. Strofe 9 er salmens einaste "eg"-vers: "Aa Jesus, giv meg denne Tru .." Meditasjonen er gjennomført, bibelteksten er applisert på lesarens eige liv.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 18.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.1.05

Dagens Blix 

Sjaa, han gjeng inn til syndug Mann!/ So yver Jesus dei klagad.
Men denne Syndar Livet vann, / Sælt i hans Hjarta det dagad:
Livet, han storleg stundad paa, / Ljoset, han lengtad saart aa sjaa,
Saag han i Frelsarens Aasyn.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 33

Denne salmen er mellom dei enno levande, faktisk mellom dei mest populære Blix-salmane. "Sjå, han gjeng inn til syndig mann" finn du på nr. 341 i Norsk Salmebok. I utgangspunktet er dette ein evangeliesalme over forteljinga om Sakkeus, Lukas 19,1-10. Men den er litt meir kompleks enn dei enklaste rimpreikene. Tematikken er sentral, enkel og evangelisk. Tradisjonelt og enkelt er òg det homiletiske skjemaet explicatio (strofe 1-2) - applicatio (frå vers 3 og utover). Men her er ei fin språkleg og intertekstuell utpensling av det tradisjonelle motivet. "Livet" og "ljoset" i strofe 1 kjem ikkje frå Lukas-forteljinga, men er sentrale omgrep i Johannesevangeliet. Slutten av strofe 4, "Sæl den, som fagnar deg i Tru! / Der vil du ganga inn og bu, / Der vil din Nattverd du halda," spelar på Johannes' openberring 3,20. Og det er sikkert fleire døme.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 17.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.1.05

Dagens Blix 

I Hus og Heim, der Mann og Viv / Bur saman i eit gudlegt Liv
Med Born i Tugt og Æra,
Der lyser Lukka mang ein Dag, / Og Jesus der med deim i Lag
Vil med sin Hugnad vera.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 32

Dette er nok den einaste salmen av Landstad Blix har gjendikta. Det var ikkje heilt opplagt for alle at det var naudsynt å omsetje Landstad til landsmål. Den grundigaste kritikaren til Blix, sokneprest (og salmediktar) Sigvald Skavlan, har denne kommentaren:
Salmen er ikke blandt Landstads mest vellykkede; den er god, men mat og uden synderlig digterisk Sving. Den maa, efterdi den er valgt ud af Landstads rige Salmeskat, ved sin jevne Tone have særlig tiltalt Blix.
(Om Salmebog-Tillægget "Nokre Salmar", Norsk Rigsmaalsforenings Smaaskrifter nr. 10 [1904], s. 18. Opphavleg publisert i Luthersk Kirketidende
Eg har eit anna forslag: Blix hadde behov for en salme om heimen og familien til nett denne sundagen (evangelieteksten er frå gammalt forteljinga om bryllaupet i Kana, Johannes 2,1-11), og til dette temaet fann han ikkje noko betre.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 16.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.1.05

Dagens Blix 

Aa tenk paa Gud i Ungdoms Aar! / All Vokster god maa gro um Vaar,
Um han skal Grøda giva. / So lat daa Gud ditt Hjarta faa
Fraa Ungdom og til Alder graa! / Daa vert det Lyst aa liva.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 31

Ein må innrøme at mykje av nyproduksjonen i 1891-utgåva av Nokre Salmar er heller traust. Å skrive salmar til kvar einaste sundag i kyrkjeåret inneber mange pliktøvingar. Men så glitrar det plutseleg innimellom, som her. Salmen er vokse fram frå ei av verdslitteraturens sterkaste skildringar av alderdom, Forkynnaren 12,1-8. (I parentes: Forkynnaren - eller Preikaren, eller kva boka no skal heite på norsk - er emne for ei av dei første verkelege teologiske fagbøkene på nynorsk, Peter Hognestads Preikaren: Ei bok um bjartsyn og svartsyn paa livet [1915]. Parentes slutt). Men Elias Blix har eit langt meir harmonisk og optimistisk syn på livet enn Preikaren. Sistnemnde sluttar med det kjende refrenget "Berre ideleg fåfengd, seier Forkynnaren; alt er fåfengd!" Blix, derimot:
Gud, lat daa bløma i kvar Bygd / Ein Ungdom rik paa Tru og Dygd,
Og lær deim Kristi Lydnad! / Og lat so alle Gamle faa
Den gode Alders Kruna paa, / Den kristne Rettferds Prydnad!
Salmen er framleis i aktiv bruk, sjå Norsk Salmebok nr. 403.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 15.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.1.05

1. Gildeskål 

Om du synest det blir tett med salmar og lite anna om dagen: Grunnen er at eg har arbeidd på harde livet for å få skrive saman eit utkast til det første hovudkapitlet i biografien, "Gildeskål (1836-1853)". Eg sende det til forlaget i går (og eg veit alt kva som kan forbetrast). Mange av innhaldselementa vil du finne att om du blar i arkiva frå juli til desember 2004.

I går tok dessutan vårsemesteret til ved Menighetsfakultetet. Eg skal framleis undervise i hebraisk tre dagar i veka.
# lagt inn 14.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kom, sjaa eit Barn paa Kyrkjeveg, / Som upp til Sion stundar!
Sjaa, Jesus med Foreldri dreg / Og til Guds Hus seg skundar.
So hjarteglad han fylgjer deim / Som Barnet, naar det lengtar heim
Og traar til Faderhuset.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 30

Ei rimpreike i dag òg. Vi er komne til første sundagen etter trettandedagen og forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet (Lukas 2,41-52). Preika inneheld fleire element, mellom anna eit program for trusopplæring, nest siste strofe:
Kom her, Foreldre, kom og sjaa, / Kvat de skal alle gjera:
At dykkar Born de tidleg maa / Til Herren Vegen læra
Og til hans Kyrkja leida deim, / So der dei finn ein Barneheim
So kjær som Faderhuset.
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 14.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.1.05

Dagens Blix 

Sjaa, Heidningar leggja mot Herren Raad, / Og Kongar mot Kristus rasa.
Men Herren han lær aat deira Daad, / Han kann deim som Krusty knasa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 27

Denne første strofa byggjer på Salme 2 i Bibelen, men det er i grunnen det einaste elementet som er nytt i forhold til den førre salmen. Dette er ei rimpreike over den same evangelieteksten, Matteus 2,13-23. Som salme slo den ikkje igjennom.

I dei seinare strofene brukar predikanten stoff frå Johannesevangeliet for å vise at ikkje berre Kristus, men også den kristne møter liding og fiendskap i verda, t. d. Joh 15,18-16,4.

Det får meg til å tvile på den biografiske lesinga eg la opp til av den den førre salmen. I det heile skal ein vere forsiktig med slike lesemåtar. Salmen er ei svært bunden form, bibeltekstane og kyrkjeårsplasseringa legg utruleg sterke føringar, og eg har nok gjort meg skuldig i overinterpretasjon her.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tysdagens Blix.
# lagt inn 13.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.1.05

Dagens Blix 

So døydde Herodes, Englen kvad, / At Utlegdi var til Ende.
Men endaa din eigen Fedrastad / I Vantru seg mot deg vende.
Og jamvel av Frendar møtt med Hat, / Du framand paa Jord deg kjende.

Aa Jesus, som du eg her paa Jord / Som framand til Himmels stundar.
Aa send meg ein Engel med eit Ord / Til Heimlov, fyrr her eg blundar!
Og lat honom so meg leida heim / Der upp i dei ljose Lundar!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 26

Vi er komne til "Sundag etter Nyaar" i fjerde utgåva av Nokre Salmar. Frå "Min Jesus, som er so hjartegod" gjev eg att dei to siste strofene. Dei får fint fram det typiske ved salmen, som var ny i 1891-utgåva. "Framand" er nøkkelordet. Salmen kan lesast som et utdjuping av lina "Gjeng som ein framand i Verdi" i "Jesus, du er den Himmelveg" (jfr. Johannes 1,9-11). Men dette er ein evangeliesalme bygd over forteljinga om flukta til Egypt, Matteus 2,13-23. Forholdet til teksten er noko friare enn det vi ofte ser i "evangelierima" til Blix. Her er det meir av allusjon enn parafrase. Det nest siste verset gjer òg ein visitt i Nasaret, Lukas 4,14-30.

I siste strofe hamnar Blix, som så ofte, i himmelen. Denne kjensla av å vere framand i verda høyrer til i klassisk pilegrimsfromheit og finst i mange variantar, frå Det nye testamentet til gnostikarane til John Bunyan. Men nett her er det for ein gongs skuld freistande å leggje ein biografisk lesemåte på ein Blix-salme. Salmen er skriven av ein mann som heile livet sitt budde i leigt husvære, for det meste i storbyen. Han var godt sosialisert inn i ein høgborgarleg levemåte, men kan hende ikkje heilt heime likevel? Alle heimlengt-dikta han skreiv mot slutten av livet (med "Barndomsminne. Fraa Nordland" som det mest kjente) kunne tyde på det.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 11.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.1.05

Dagens Blix 

Eit Aar me sjaa no atter renna / I Fortids stille Havdjup ned.
Aa, maatte no vaart Hjarta kjenna / Dei Ting, som tena til vaar Fred!
Aa giv, kvart Aar, som seig i Grav, / God Grøda fyre Æva gav!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 25

Vi har eit etterslep å ta att. Her kjem den andre nyårssalmen til Blix (ved sida av den meir kjende "Gamleaaret seig i Hav"). Det vil seie, det handlar om ei gjendikting etter Landstad (Landstads ureviderte nr. 168) si gjendikting av den tyske pietisten Johann Jakob Rambach (1693-1735) si gjendikting av Lukas 13,6-9.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 10.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.1.05

Dagens Blix 

Fyr deg, vaar Herre, Aartusund er / Som Dagar, naar fram dei fara.
Fyr deg som inkje den Stundi fer, / Som Jordlivet vaart kann vara.

Som Blomen bleiknar den raude Kinn, / Som Graset maa Kjempor falla.
Som Kongurveven so fyk fyr Vind / Dei Draumverk, me Visdom kalla.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 23

Denne salmen høver på mange måtar betre i samband med årsskiftet enn med sundag mellom jul og nyttår. Det bibelske underlaget er Salme 90 i Det gamle testamentet. Om bibelteksten lyder kjent, kan det skuldast at du av og til går i gravferder; den er nytta i gravferdsliturgien.

Eg er ikkje så god i Grundtvig. Kjenner nokon originalteksten til denne? Ei anna gjendikting av salmen står på nr. 759 i Norsk Salmebok. Også denne er på nynorsk. Den er anonym ("omsatt [SIC] 1976"), så eg reknar med at det er eit arbeid av salmebokkomiteen. "Som Kongurveven so fyk fyr Vind" er blitt til "Lik spindelvev fyk dei bort i vind".

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.1.05

Dagens Blix 

Simeon i Alder graa / Lengtad heim med Fred aa fara.
Men Guds Ande sagde fraa, / At hans Livsdag skulde vara,
Til han fekk med Augom sjaa / Honom, som han stundad paa.

Simeon i Templet kjem / Inn ein Dag ved Andens Dragning,
Ser det Barn fraa Betlehem, / Ser Guds Frelsa frid i Dagning.
So han etter Lengting lang / Frelsarbarnet tok i Fang.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 22

Noko på etterskot, men her kjem den første av salmane til "Sundag millom Jol og Nyaar" i fjerde utgåva av Nokre Salmar. Det bibelske grunnlaget er evangelieteksten for sundagen, Lukas 2,22-35. Salmen stod i noko amputert utgåve i Landstads reviderte salmebok (1924), nr. 143, fullstendig i Nynorsk Salmebok (1925), nr. 116. No er den ute av salmeboka.

Blix har valt å framstille forteljinga i eit "evangelierim," ikkje å gjendikte Simeons kjende lovsong, Nunc dimittis (Lukas 2,29-32), som Anders Hovden gjorde i "Lat meg få fara burt i fred, min Frelsar hev eg funne" (Nynorsk Salmebok 120).

Men til denne forteljinga er det inga bibeltolking som kjem opp mot Rembrandts (Nationalmuseum, Stockholm).

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 8.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.1.05

Dagens Blix 

Ber no Bod til Heidningland, / Bod um Ljos og Lukka
Til dei Arme, som i Band / Og i Myrker sukka!
Bod, som sprengjer Fangebur, / Som kann løysa Lekkja,
Brjota gjenom Myrkers Mur / Og dei Daude vekkja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 29

Og her kjem misjonssalme nummer to. Den står framleis i Norsk Salmebok, på nr. 95, med små endringar. Førstelina er no "Ber no bod til alle land."

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 7.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.1.05

Helge Dahl 

Aftenposten (morgonutgåva, papir) har i dag ein nekrolog over Helge Dahl, som døydde 83 år gammal 16. desember i fjor. Den er skriven av to kollegaer ved Pedagogisk forskningsinstitutt, Universitetet i Oslo, Anton Hoem og Knut Tveit.

Helge Dahl skal få sitt vesle minnesmerke på BlixBlog også. Han er skolehistorikaren som har skrive standardframstillinga om norsk skole- og kulturpolitikk andsynes samane, Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905 (Oslo: Universitetsforlaget, 1957), OG den om norsk lærarutdannings historie, Norsk lærerutdanning fra 1814 til i dag (Oslo: Universitetsforlaget, 1959). Dessutan har han to gonger skrive jubileumsskrift for Tromsø lærarskole, det gamle Tromsø Seminar, i 1952 og i 1976.

Helge Dahl har vore ein av dei viktigaste premissleverandørane for Blix-biografien min. Eg kjem til å vektleggje Tromsø-tida til Elias Blix i høgare grad enn det som før har vore tilfelle, eg kjem til å framheve lærarrolla som fundamental for å forstå Blix og livsprogrammet hans, og eg kjem til å kartleggje dei møtepunkta han hadde med samisk språk og kultur, som før har vore usynleggjorte.

Eg kjende aldri Helge Dahl personleg. No er han borte. Men arbeidet hans set spor.
# lagt inn 6.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Melankoli? 

Eg har forsømt meg. I Bergens Tidende 21. desember melde Mona Gjessing Dvergmål-plata "Song i himmelsalar" (ja, du HAR høyrt om den før) under tittelen: Skinnende melankoli:
Sjeldent høres så rik og vakker musikalsk tekstur som det folkemusikkgruppen Dvergmål byr på. Sett bort ifra noen ganske få sanger med en ikke særlig spennende tralling, er det en pirrende, mystisk og innadvendt klangverden lytteren inviteres inn i. De vokale prestasjonene er, på hver sin måte, tindrende. Arrangementene utsøkte. Dvergmål gjør klokt ved sin dvelen i mørke. Musikken er skinnende og billedrik, og det er som om lytteren fornemmer de avskallede fargenes glød i gamle altertavler.
Eg registrerer at eg har ei heilt anna oppfatning enn denne meldaren. Men du får høyre sjølv.

Les meir.
# lagt inn 6.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Renn upp, vaar Sol med Sæla! / Vaar Jesus, lys um Land
Fyr deim, som tungt maa træla / I Heidningmyrkers Band!
Der inn seg aldri trengde / Det Sannings Ljos, du gav;
Der Sky av Vantru stengde / Som Steinen yver Grav.

Renn upp med Straalar bjarte / Som Paaskemorgon klaar!
Driv Daudens Skuggar svarte, / Skap Livsens væne Vaar!
Og stig paa Straalevengjer, / So Skylag lettnar av,
So Straalen Stengsla sprengjer, / Og daude stig or Grav!

Kom, Krist vaar Sol, med Sumar / Til Heidnings Hjarte-Jord!
Lat turre Kvist faa Kumar / Og bløma paa ditt Ord!
Lat grønka ville Vangar, / Giv Gror paa Grunnen hard,
Til Øydemarki angar / Som Herrens Aldegard!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 28

Det er trettandedagen i dag, Heilagtrekongarsdag, om du vil. Blix-salmane kjem i stim på denne tida av kyrkjeåret, så eg må hoppe over nokre nummer for å nå fram hit i Nokre Salmar. Ta det med ro, vi skal få med oss dei andre seinare.

Denne dagen er den store misjonsdagen i kyrkjeåret. Vismennene frå aust (Bibelen seier verken at dei var kongar eller at dei var tre) er dei første heidningar som oppsøkjer Jesus. For ordens skuld: Ein "heidning" er ein ikkje-jøde. Dei fleste nordmenn er altså for heidningar å rekne, anten dei er kristne eller ikkje ...

Blix har skrive to misjonssalmar. Eg har ofte lurt på i kva grad han var personleg engasjert i misjonsrørsla. Var han med i noka misjonsforeining i Tromsø-tida, t. d.? Han var sikkert i Tromsø kyrkje den januardagen i 1859 da biskop Gislesen frå preikestolen bad ei takkebøn etter den første dåpen som følgje av norsk misjon i Zululand. Han var nær ven av Nils Astrup, som reiste ut som misjonær til Sør-Afrika og tok over rolla som "misjonsbiskop" etter Hans Schreuder. Han studerte syrisk saman med Lars Dahle, som vart generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap, rundt 1870.

Salmen står i Norsk Salmebok på nr. 513, i noko redusert utgåva. Eg har teke med det tredje av dei opphavlege versa, på grunn av det Blixke sentralmotivet (hagen, sjølvsagt, ikkje sommaren. Biletbruken er særleg inspirert av den midterste delen av Jesaja-boka, tekstar som denne). Det er no utelate.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 6.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.1.05

Dagens Blix 

Eit Barn er født, ein Son oss send,
Ein Son oss send,
I Betlehem, i Juda Grend.
Halleluja, Halleluja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 21

Nokre melodiar er meir gjestfrie enn andre, trur eg. At nye tekstar nyttar versemålet og tonen til "Vom Himmel hoch" eller "Ein' feste Burg ist unser Gott", merkar eg knapt. Men "Et Barn er født i Betlehem" har liksom ikkje plass til andre tekstar. Denne salmen ligg dessutan for nær, med same opningslina, og den er ikkje god nok til å konkurrere med originalen. Så fekk den ikkje leve lenge nok til å kome med i Nynorsk Salmebok heller. Det meste av salmen parafraserer Jesaja 9, men dette første verset ligg nærare Mika 5,1-2.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 5.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.1.05

Uttrykket 

"'Vi står han av' er det flotteste nordnorske uttrykket."

Les meir i Avisa Nordland.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ivar Welle 

I dag fekk eg julenummeret til Ørsta-avisa Møre-Nytt i postkassa (23.12.2004). Det har eg venta på. Kollega Per Halse har skrive ein stor artikkel der om "Ivar Welle - presten som var oppkalla etter Ivar Aasen".

Ivar Welle (1875-1957) var prest, skribent og kyrkjehistorikar. Han var fødd i Kristiania, der faren, Johannes, var lærar på Møllergata skole. Faren kom frå Ørsta og kjende Ivar Aasen godt. Sonen vart kalla opp etter den store sambygdingen - faren ville jamvel nytte heile namnet "Ivar Aasen", men mora tykte det fekk halde med Ivar - og gamle Ivar stilte opp som fadder.

Eg har gjeve Per litt assistanse med leiting i kyrkjebøker, så det er artig å sjå sluttresultatet, over to heile avissider i fullformat.

Emma og Elias Blix kalla òg ein son opp etter Ivar Aasen. Ivar Blix var den yngste i søskenflokken, fødd i 1889.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Skifteslutning 

Og med det må eg slutte gjennomgangen av arveskifta etter foreldra til Elias Blix. Det er mykje meir det kunne vere interessant å gjennomgå. Utviklinga av kjøkken og kjøkkenutstyr, til dømes. Eller klesdrakt, gangkleda er lista opp i begge dødsbua. Det får bli ein annan gong.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Aksjebrevet 

Eg reflekterte litt over pengar og gjeldspostar i skifta etter foreldra til Elias Blix på bloggen i går. Eg trur den gode Oscar Berg i Gildeskål har rett når han meiner "banco" refererer til mynteininga "Hamburger Banco" (sjå kommentaren til gårsdagens post). Men i dag har eg eit nytt spørsmål:

I 1840 er det mellom buets aktiva ført opp "Andeel i Actiebrevet No. 10025, 10 Spd. beregnet efter 150 pa beroende hos Johan Thommesen Sandvigen," verdsett til 15 spesidalar.

I 1857 finn vi "Andel i et Bankactiebrev stor 10 Spdr, taxeret til ..... 15.0".

Sannsynlegvis er det same aksjebrevet det er tale om. Men kva for tiltak er det som har fått fleire bønder til å gå saman om innkjøp av 1 stk. aksje?

Vel, det er mogleg at Johan Thomassen Sandvik helst høyrde til "bygdekaksane" i skipper og gjestgivar-klassa. Eg har ikkje relasjonane heilt klårt for meg, men det ser ut til at denne familien på Sandvik hadde eit nært tilhøve til Helgesen-slekta, altså mormor-slekta til Elias Blix. Dei var fleire brør på Sandvik; ein av dei, Benjamin, var gift med Karen Helgesen, medan ei av søstrene var gift med Benjamin Hansen på Mårnes. Både Karen Helgesdatter og Benjamin Hansen var mellom fadrane til Elias Blix.

I 1840-skiftet heiter det i lista over debitorane til Peder Christophersen at "Johan Thomessen Sandvigen skylder, uden Beviis" 5 spesidalar. Og i 1842 er (same?) "Johan Thomassen Sandvig" forlovar i bryllaupet mellom Margrethe og Ole Helgesen. Og det får vere nok slektsforsking for i dag.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lesestoff 

Reidar Bolling (Elias Blix s. 13) skriv:
Skifteprotokollen for Søndre Salten syner at barndomsheimen åt Elias Blix åtte postillar av Jesper Brochmand og Heinrich Müller og to velbrukte andaktsbøker: "Bedendes Kjæde" av Hvalsøe og "Besværede Sømands søde Siælero" av Heitman.
Dessutan nemner han eit par songbøker som var populære i miljøet, av Marcus Volquartz og Petter Dass, men utan eksplisitt å seie at heimen hadde desse bøkene. Andre biografar har likevel tolka dette slik.

Eg har teke desse opplysningane for god fisk, og gjeve ei djupsindig analyse av boksamlinga i barndomsheimen til Elias Blix. Den vert med dette tilbakekalla. Eg kan ikkje fatte kor Bolling har desse opplysningane frå. Skifta etter foreldra viser eit litt anna bilete:

I 1840-skiftet er det nemnt to bøker. Punktum. Den eine er Jesper Brochmands huspostill, den andre er "1 gl Psalmebog kaldet Psalmeskat", sannsynlegvis Psalme-Skat: Et Udvalg af gamle Psalmer, uddraget af Kingos, Pontoppidans og Brorsons Samlinger, utgjeve av G. A. Lammers i 1834. Den siste fekk Elias Blix som farsarv.

I 1857-skiftet finn vi både Kingos og Guldbergs salmebøker, Brochmands huspostill, eit nytestamente og to andre, men uspesifiserte bøker. Eit slikt utval av religiøs litteratur er heilt vanleg å finne i heimar frå denne tida. Bøkene har sin funksjon i husandakten. Vel så interessant - men aldri nemnt i litteraturen - er det at heimen åtte "4 Hefter af Tidsskriftet Vikingen" - ikkje vittigheitsbladet, det kom først ut frå 1862, men eit av dei tidlege folkeopplysningsprosjekta til Dagblad-gründeren Anthon Bang (1809–1870; ikkje å forveksle med Blix sin gode ven, den seinare Oslo-bispen). Vikingen: Et maanedsblad af blandet indhold kom ut i Trondheim 1833-1834, og det ser ut til at det berre vart gjeve ut fire hefte.

Lesestoffet til den velkjende lesehesten Elias Blix var sjølvsagt ikkje avgrensa til dette. Det fanst skolebøker, sjølv om det ikkje var så mykje. Og han skal ha vore ein ivrig lånar av bøker hos læraren sin, Hans Hansen, og hos grannen Peder Bruun. Men dette er altså kva skiftematerialet fortel.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Fordom til Federne so jamt / Gud ved Profetarne talad.
Anden med Syner løyndomsamt / Ned til Guds Maalsmenner dalad,
Andad deim løynt i Hjartat inn / Ordet um den, som kjem og vinn
Frelsa og Liv aat all Verdi.

Men i den sidste Tid herned / Gud gjenom Sonen oss sende
Ordet um Frelsa, Liv og Fred / Fagert til Jordrikes Ende.
Sonen, som er Guds eiget Ord, / Kom som hans Kjærleiks Røyst til Jord.
Sjølv er han Frelsa og Livet.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 20

Hebrearbrevet 1 er episteltekst på juledagen. Salmen var nyskriven i 1891-utgåva av Nokre Salmar.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.1.05

Pengar og gjeld 

Her er det eit interessant punkt i skiftematerialet, som eg vil prøve å tolke.

I 1840-skiftet er det rekna opp ein heil del kontante pengar: 12 spesidalar, 2 ort og 16 skilling i sølvmynt, og 2-1-7 i koparpengar. Dessutan 9-1-12 i "Banco". Det siste er eg nyfiken på. Korleis ordna ein bankforretningar så tidleg?

I 1857-skiftet er det ikkje nemnt kontantar i det heile. Det kan skuldast at Ole Helgesen (stefar til Elias Blix) har unnlate å gje opplysningar om kontantbehaldning under registreringa. Men det kan òg skuldast at det ikkje fanst slike verdiar i buet. Det var ikkje mykje kontante pengar mellom folk i denne tida. Det meste handla om varebyte.

Gjeldspostane Peder Christophersen let etter seg, var ikkje store. Gjelda til kjøpmenn i Bergen er helst symbolsk: 3 dalar, 1 ort og 6 skilling til "Albert Mohns Sønner" og 1-0-6 til kjøpmann Petter Mohn. Bergensgjelda Ole Helgesen sat att med i 1857 (til "Deres Ven Henrich Thomsen") var, til samanlikning, 59-1-11.

Største gjeldsposten i 1840-buet var åbota på 30 spesidalar til grunneigarane (her har eg forresten eit uløyst problem: Skifteforretninga tidfestar dødsbuet til Peder sin far til 1835. Men den Christoffer Olsen Våg eg har funne i kyrkjeboka, døydde først i 1837). Dessutan var Peder verje for Kjersten og Cassie Jacobsdøttre Lekanger, og dei fekk til saman 10-4-14 for inneståande arv. Og han skulda ein dalar til Arnt Olsen Navjord (i Beiarn). Eg veit at Peder hadde ein farbror som heitte Arnt Olsen (f. 1768), men eg er usikker på om det var han som var kreditor. Eg har ikkje greidd å finne ut kvar det vart av han.

I 1857-buet er det dessutan 7-3-8 i utgift til tenestejenta, Nikoline Pedersdatter, dels i løn, dels som "Erstatning for 8 Al. Vadmel".

Den gjenlevande ektemaken hadde krav på gravferdsvederlag. Dette beløpet var 15 dalar både i 1840 og i 1857.

Ein interessant skilnad på dei to skifta er posten uteståande gjeld. Medan Ole Helgesen ikkje hadde debitorar i det heile, hadde Peder Christophersen lånt ut til både den eine og den andre: Andreas Christensen Vaag, Andreas Sandberg Horsdahl, Jens Blix Indyhr, Johan Thomessen Sandvigen, Simon Øiaas, Stener Hansen og Casper Larsen Ravigen skulda han alle beløp på opptil 5 spesidalar (Stener Hansen for 1/4 tønne korn og ei tønne sild; dei andre postane er ikkje spesifiserte).

Ole Helgesen har fått det ryktet at han "var ikkje lettbeden når einkvan ville ha han til å hjelpe seg" (R. Bolling, Elias Blix, s. 16-17). Og det kan faktisk sjå ut til at Peder Christophersen var noko rausare slik.

Det har ofte vore sagt at Elias Blix aldri fekk nokon økonomisk stønad av stefar sin etter at han flytte heimanfrå. Det kan vere grunn til å peike på at morsarven til Elias Blix, som stefaren måtte løyse ut etter skiftet i 1857, utgjorde 34 spesidalar og 7 skilling. Tek ein med eit tilsvarande beløp til broren, Ole Pareli, kjem vi opp i over tjue prosent av nettoverdien i buet. Eg ser ikkje bort frå at stefar Ole hadde meir en nok med å greie pliktene sine på dette området. Korleis dei to gutane fekk ut farsarven frå 1840 (55 spesidalar, 3 ort og 3 1/2 skilling til kvar), veit eg ikkje. Men eg trur at arven var ein av faktorane som gjorde det mogleg for Elias Blix å bryte opp frå Tromsø med kurs for Kristiania i 1859, saman med stønaden frå kjøpmann Carl Olsen på Nord-Arnøy. Dei to gutane hadde forresten òg arva eit mindre beløp (11-12 dalar på kvar, i to porsjonar) etter farbror sin, John Olsen Skånland i Bodø (skifte i 1852 og 1854).
# lagt inn 3.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Te eller kaffi? 

Eg får prøve å avslutte gjennomgangen av skifta etter foreldra til Elias Blix.

Ein liten kuriositet til oppvarming i dag: Registreringsforretninga i 1840 nemner "1 Kobber-Thekjedel paa 2 K[an]d[e]r" (ei kanne var i underkant av to liter). Den i 1857, derimot, har "1 Kaffekjedel".

Folk som veit noko om bruken av te og kaffi i nordlandsheimar på 1800-talet, er velkomne til å kommentere! Eg meiner å hugse (eg har ikkje boka heime for tida) at A. Chr. Bang nemner i Erindringer at bruken av kaffi var begynt i barndomen hans på Helgeland, altså om lag 1850 - og at den vanlegaste tilsetjinga var salt. Eg har undra meg noko over det, for eg meiner å ha høyrt at kaffi var utbreidd i andre delar av landet på eit tidlegare tidspunkt.

Men var teen tidlegare ute? For ein rein prydgjenstand var vel ikkje denne tekjelen - som elles er rekna mellom dei meir verdifulle eigedelane til huset.
# lagt inn 3.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng,
Eit Gitord gjeng,
Um Kongeson i Krubbeseng.
Halleluja, Halleluja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 19

Denne salmen er blitt borte. På mange måtar er det "Navnet Jesus blekner aldri" som fyller den aktuelle plassen i salmeboka (Norsk Salmebok nr. 86). Det handlar om variasjonar over Bibelens Salme 72.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.1.05

Dagens Blix 

I fyrste Upphav var Guds Ord, / Sann Gud, av Gud upprunnet.
Ved det vart Himmel skapt og Jord / Og alt, som der er funnet.
I Ordet Livet rann / Med Ljos til alle Mann.
Det ned i Myrkret skein / Med Guddoms-Loge rein,
Men Myrkret inkje merkad.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 18

Det er lenge til 20. dag jul, og vi har enno att nokre julesalmar frå fjerdeutgåva av Nokre Salmar å gle oss over.

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 2.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.1.05

Dagens Blix 

Gamleaaret seig i Hav, / Sidste Dag i Dauden bleiknad;
Men i Aust det atter kveiknad, / Nyfødd Sol stod upp or Grav.
Ljoset fram or Myrkret stiger / Som paa fyrste Skapningsdag.
Sol og Dag er fødd til Siger, / Myrkret dømt til Nederlag.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 24

BlixBlog ønskjer eventuelle lesarar eit GODT NYTT ÅR i Jesu namn. I kyrkja er nyårsdagen primært nett Jesu namnedag, slik det òg går fram av denne salmen - som framleis er i aktiv kyrkjeleg bruk, sjå Norsk Salmebok nr. 85.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1891-, 1883-, 1869-utgåva.
Gårsdagens Blix.

# lagt inn 1.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?