<$BlogRSDUrl$>

4.1.05

Aksjebrevet 

Eg reflekterte litt over pengar og gjeldspostar i skifta etter foreldra til Elias Blix på bloggen i går. Eg trur den gode Oscar Berg i Gildeskål har rett når han meiner "banco" refererer til mynteininga "Hamburger Banco" (sjå kommentaren til gårsdagens post). Men i dag har eg eit nytt spørsmål:

I 1840 er det mellom buets aktiva ført opp "Andeel i Actiebrevet No. 10025, 10 Spd. beregnet efter 150 pa beroende hos Johan Thommesen Sandvigen," verdsett til 15 spesidalar.

I 1857 finn vi "Andel i et Bankactiebrev stor 10 Spdr, taxeret til ..... 15.0".

Sannsynlegvis er det same aksjebrevet det er tale om. Men kva for tiltak er det som har fått fleire bønder til å gå saman om innkjøp av 1 stk. aksje?

Vel, det er mogleg at Johan Thomassen Sandvik helst høyrde til "bygdekaksane" i skipper og gjestgivar-klassa. Eg har ikkje relasjonane heilt klårt for meg, men det ser ut til at denne familien på Sandvik hadde eit nært tilhøve til Helgesen-slekta, altså mormor-slekta til Elias Blix. Dei var fleire brør på Sandvik; ein av dei, Benjamin, var gift med Karen Helgesen, medan ei av søstrene var gift med Benjamin Hansen på Mårnes. Både Karen Helgesdatter og Benjamin Hansen var mellom fadrane til Elias Blix.

I 1840-skiftet heiter det i lista over debitorane til Peder Christophersen at "Johan Thomessen Sandvigen skylder, uden Beviis" 5 spesidalar. Og i 1842 er (same?) "Johan Thomassen Sandvig" forlovar i bryllaupet mellom Margrethe og Ole Helgesen. Og det får vere nok slektsforsking for i dag.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?