<$BlogRSDUrl$>

9.1.05

Dagens Blix 

Fyr deg, vaar Herre, Aartusund er / Som Dagar, naar fram dei fara.
Fyr deg som inkje den Stundi fer, / Som Jordlivet vaart kann vara.

Som Blomen bleiknar den raude Kinn, / Som Graset maa Kjempor falla.
Som Kongurveven so fyk fyr Vind / Dei Draumverk, me Visdom kalla.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 23

Denne salmen høver på mange måtar betre i samband med årsskiftet enn med sundag mellom jul og nyttår. Det bibelske underlaget er Salme 90 i Det gamle testamentet. Om bibelteksten lyder kjent, kan det skuldast at du av og til går i gravferder; den er nytta i gravferdsliturgien.

Eg er ikkje så god i Grundtvig. Kjenner nokon originalteksten til denne? Ei anna gjendikting av salmen står på nr. 759 i Norsk Salmebok. Også denne er på nynorsk. Den er anonym ("omsatt [SIC] 1976"), så eg reknar med at det er eit arbeid av salmebokkomiteen. "Som Kongurveven so fyk fyr Vind" er blitt til "Lik spindelvev fyk dei bort i vind".

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?