<$BlogRSDUrl$>

16.1.05

Dagens Blix 

I Hus og Heim, der Mann og Viv / Bur saman i eit gudlegt Liv
Med Born i Tugt og Æra,
Der lyser Lukka mang ein Dag, / Og Jesus der med deim i Lag
Vil med sin Hugnad vera.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 32

Dette er nok den einaste salmen av Landstad Blix har gjendikta. Det var ikkje heilt opplagt for alle at det var naudsynt å omsetje Landstad til landsmål. Den grundigaste kritikaren til Blix, sokneprest (og salmediktar) Sigvald Skavlan, har denne kommentaren:
Salmen er ikke blandt Landstads mest vellykkede; den er god, men mat og uden synderlig digterisk Sving. Den maa, efterdi den er valgt ud af Landstads rige Salmeskat, ved sin jevne Tone have særlig tiltalt Blix.
(Om Salmebog-Tillægget "Nokre Salmar", Norsk Rigsmaalsforenings Smaaskrifter nr. 10 [1904], s. 18. Opphavleg publisert i Luthersk Kirketidende
Eg har eit anna forslag: Blix hadde behov for en salme om heimen og familien til nett denne sundagen (evangelieteksten er frå gammalt forteljinga om bryllaupet i Kana, Johannes 2,1-11), og til dette temaet fann han ikkje noko betre.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 16.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?