<$BlogRSDUrl$>

19.1.05

Dagens Blix 

Til Gud eg lyfter Augat mitt, / Naar eg i Sorg og Trengsla sit.
Naar all mi Hugga burte er, / Til Gud mi Bøn um Hjelp eg ber.
Eg trur paa honom trøysteleg. / Han kann og vil nog verja meg.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 35

Denne salmen har vore med heilt sidan 1870, så den er ein gammal kjenning. Og det er berre i Blix-varianten, salmen sjølv er mykje eldre: Den er dikta av den første etterreformatoriske salmebokutgjevaren i Danmark-Noreg, Hans Thomissøn (1532-1573) ("Jeg løffter høyt op øyen mine / Naar ieg er sted i sorrig oc pine"). Sidan Kingos salmebok har salmen stått på tredje sundag etter trettandedagen ("Jeg løfter høit op øyne mine / Naar jeg er stedt i sorrig og pine"). Landstad gjendikta salmen ("Jeg løfter høit til Herrens Borg / Mit Syn, naar jeg er stedt i Sorg", L. 215), og likeeins altså Blix. Nynorskversjonen fekk leve litt lenger enn bokmålsversjonen, salmen stod i Nynorsk Salmebok (Blix), men ikkje i Landstads reviderte. No er den heilt borte frå norsk salmesong.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1883-utgåva, 1870-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 19.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?