<$BlogRSDUrl$>

23.1.05

Dagens Blix 

I Jesu Namn /Me stemna fram til Himmelhamn.
Med Krist umbord / Me styra yver Livsens Fjord.
Naar han er med, / Me fara i Guds Fred.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 37

Denne salmen har vore med oss sidan hefte III av Nokre Salmar kom ut i 1875 - og den er framleis med oss, Norsk Salmebok 446. Den har mykje felles med salmen vi såg på i går. Det er frisk sjøsprøyt her òg, ikkje minst i kombinasjon med tonen til Otto Winter-Hjelm (1916).

Dette er den einaste salmen i Nokre Salmar som ikkje var knytt til ein alt eksisterande melodi. Både i 1875 og 1883 står teksten heilt utan tone. Ifølgje sonen Ivar hadde Elias Blix sjølv komponert ein tone til denne teksten, men så vidt eg veit, er den aldri publisert. Sannsynlegvis er den tapt. I 1891-utgåva står ein tone spesialkomponert til denne teksten av L. M. Lindeman (datert 30.4.1886), men den fekk aldri noko gjennomslag. Salmen venta altså på tonen sin heilt til 1916. Den er eit godt kornummer. Ein del gode Blix-salmar ventar framleis på å finne tonen sin ...

Eg er ikkje så god i metrikk. Er dette eit kjent versemål, eller er det originalt? Vekslinga mellom korte og lange liner gjev ein heilt spesiell effekt. Eg synest Winter-Hjelm kom fram til ei heldig rytmisk løysing. Det er ein fin balanse i melodien hans, dei korte tekstlinene får lange noteverdiar, medan dei lange tekstlinene har ei raskare rørsle. Hos Lindeman finn vi att den usynkrone tekstrytmen i melodien. Det er ikkje så vellukka.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1883-, 1875-utgåva.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 23.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?