<$BlogRSDUrl$>

24.1.05

Dagens Blix 

Aa Herre Krist, kor illa stend / Det Sæde, som du saadde!
Kvat Grøda er av Ordet kjend, / Som du i Kyrkja straadde?
Der eingong vænt i Vokster stod / Di Grøda god
Og fager Skurd deg spaadde.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 38

Evangeliesalme til 5. sundag etter trettandedagen (Kristi openberringsdag), over Matteus 13,24-30.

Denne er mellom dei ufortent gløymde Blix-salmane. Den skil seg ut ved det alvorlege temaet sitt. Gud held nok dom og skil mellom menneske andre stader hos Blix også, men sjeldan så tydeleg som her. Det er bibelteksten, likninga om ugraset i åkeren, som fører denne tonearten inn i Blix' song, han skriv over oppgjeve emne.

Men han skriv godt. Salmen er livsnær, som Jesu likning er det. Den som skriv dette, har vore med i onnene på ein karrig nordnorsk kornåker. Og den er gjennomarbeidd. Du får tilbod om gode sko til den smale veg her òg (eg siterte Einar Økland her om dagen). Berre sjå på bokstavrima i første strofe: "Der eingong vænt i Vokster stod / Di Grøda god / Og fager Skurd deg spaadde."

Kine Hellebust har sett kvalitetane i denne teksten og teke med ei nytolking på Blix-CDen sin. Norsk Salmebok hadde ikkje rom for salmen. Vel, ein kan ikkje få med alt. Men eg meiner no denne salmen fortener ein plass ved sida av Brorsons "O Fader, la ditt Ord, din Ånd" (NoS nr. 530).

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?