<$BlogRSDUrl$>

26.1.05

Dagens Blix 

Eg Syn og Hjarta lyfta maa / Til Berget upp og Jesus sjaa
I Guddoms Ljos og Klaare.
Eg fylgja vil i Saal og Sinn / Og glytta i den Gleda inn.
No ingi Sorg meg saare, / Og ingi Lyst meg daare!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 40

Det står berre ein salme for 6. sundag etter Trettandedag i Nokre Salmar, og den er av Thomas Kingo (1634-1703). "Jeg løffter Siæl og Øye op" er nett eit "evangelierim" av same type som Blix har så mange av. Vi forstår kor han har sjangeren frå. Evangelieteksten er Matteus 17,1-9, Tabor-opplevinga eller forklåringa på berget. I våre dagar er dette evangeliet utsett nokre veker, til Kristi forklåringsdag, som kjem rett før fastetida tek til.

Vel, det er eigentleg Landstads litt kortklipte versjon av Kingo Blix har lagt til grunn (8 strofer av dei opphavlege 11).

Blix har kan hende ikkje så mange eigne ord for Tabor-opplevinga, nokon mystikar er han kanskje ikkje. Det har eg ikkje tenkt på før. Han skreiv seinare ein originaltekst over same tema, "Jesus i Ljosbragd på Berget" (Salmar og Songar, 1900, s. 31-33). Men det er mest berre versemålet som er annleis, salmen er, til liks med denne, ei rimpreike over evangelieteksten.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?