<$BlogRSDUrl$>

31.1.05

Dagens Blix 

Ein Saamann gjekk og skulde saa / Og ventad fager Grøda.
Men ikkje alt fekk Mogning naa / Og giva Korn i Løda.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 42

"Sundag sexagesima" heiter i våre dagar "Såmannssundagen", etter evangelieteksten Lukas 8,4-15. Salmen er eit heilt enkelt, men ganske godt, evangelierim. Inga preike, berre ei nokså ordrett omsetjing på rim. Igjen er vi i eit miljø Elias Blix kjenner godt, eller rettare: Han sår det bibelske såkornet på heimleg grunn. Artig er det vesle tillegget til vers i 2. strofe: "Sumt fall paa Veg, der Fugl det fann, Og Fefot ned det trødde".

Og i siste strofe held den raude tråden frå i går fram. I dag er det einskilde menneskehjartet staden Gud gjer til ein Edens hage.
Aa Herre, du som Ordet saar, / Du sjølv vaart Hjarta lage,
So det maa giva grorsamt Aar / Og bløma som din Hage!
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 31.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?