<$BlogRSDUrl$>

4.1.05

Ivar Welle 

I dag fekk eg julenummeret til Ørsta-avisa Møre-Nytt i postkassa (23.12.2004). Det har eg venta på. Kollega Per Halse har skrive ein stor artikkel der om "Ivar Welle - presten som var oppkalla etter Ivar Aasen".

Ivar Welle (1875-1957) var prest, skribent og kyrkjehistorikar. Han var fødd i Kristiania, der faren, Johannes, var lærar på Møllergata skole. Faren kom frå Ørsta og kjende Ivar Aasen godt. Sonen vart kalla opp etter den store sambygdingen - faren ville jamvel nytte heile namnet "Ivar Aasen", men mora tykte det fekk halde med Ivar - og gamle Ivar stilte opp som fadder.

Eg har gjeve Per litt assistanse med leiting i kyrkjebøker, så det er artig å sjå sluttresultatet, over to heile avissider i fullformat.

Emma og Elias Blix kalla òg ein son opp etter Ivar Aasen. Ivar Blix var den yngste i søskenflokken, fødd i 1889.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?