<$BlogRSDUrl$>

4.1.05

Lesestoff 

Reidar Bolling (Elias Blix s. 13) skriv:
Skifteprotokollen for Søndre Salten syner at barndomsheimen åt Elias Blix åtte postillar av Jesper Brochmand og Heinrich Müller og to velbrukte andaktsbøker: "Bedendes Kjæde" av Hvalsøe og "Besværede Sømands søde Siælero" av Heitman.
Dessutan nemner han eit par songbøker som var populære i miljøet, av Marcus Volquartz og Petter Dass, men utan eksplisitt å seie at heimen hadde desse bøkene. Andre biografar har likevel tolka dette slik.

Eg har teke desse opplysningane for god fisk, og gjeve ei djupsindig analyse av boksamlinga i barndomsheimen til Elias Blix. Den vert med dette tilbakekalla. Eg kan ikkje fatte kor Bolling har desse opplysningane frå. Skifta etter foreldra viser eit litt anna bilete:

I 1840-skiftet er det nemnt to bøker. Punktum. Den eine er Jesper Brochmands huspostill, den andre er "1 gl Psalmebog kaldet Psalmeskat", sannsynlegvis Psalme-Skat: Et Udvalg af gamle Psalmer, uddraget af Kingos, Pontoppidans og Brorsons Samlinger, utgjeve av G. A. Lammers i 1834. Den siste fekk Elias Blix som farsarv.

I 1857-skiftet finn vi både Kingos og Guldbergs salmebøker, Brochmands huspostill, eit nytestamente og to andre, men uspesifiserte bøker. Eit slikt utval av religiøs litteratur er heilt vanleg å finne i heimar frå denne tida. Bøkene har sin funksjon i husandakten. Vel så interessant - men aldri nemnt i litteraturen - er det at heimen åtte "4 Hefter af Tidsskriftet Vikingen" - ikkje vittigheitsbladet, det kom først ut frå 1862, men eit av dei tidlege folkeopplysningsprosjekta til Dagblad-gründeren Anthon Bang (1809–1870; ikkje å forveksle med Blix sin gode ven, den seinare Oslo-bispen). Vikingen: Et maanedsblad af blandet indhold kom ut i Trondheim 1833-1834, og det ser ut til at det berre vart gjeve ut fire hefte.

Lesestoffet til den velkjende lesehesten Elias Blix var sjølvsagt ikkje avgrensa til dette. Det fanst skolebøker, sjølv om det ikkje var så mykje. Og han skal ha vore ein ivrig lånar av bøker hos læraren sin, Hans Hansen, og hos grannen Peder Bruun. Men dette er altså kva skiftematerialet fortel.
# lagt inn 4.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?