<$BlogRSDUrl$>

3.1.05

Pengar og gjeld 

Her er det eit interessant punkt i skiftematerialet, som eg vil prøve å tolke.

I 1840-skiftet er det rekna opp ein heil del kontante pengar: 12 spesidalar, 2 ort og 16 skilling i sølvmynt, og 2-1-7 i koparpengar. Dessutan 9-1-12 i "Banco". Det siste er eg nyfiken på. Korleis ordna ein bankforretningar så tidleg?

I 1857-skiftet er det ikkje nemnt kontantar i det heile. Det kan skuldast at Ole Helgesen (stefar til Elias Blix) har unnlate å gje opplysningar om kontantbehaldning under registreringa. Men det kan òg skuldast at det ikkje fanst slike verdiar i buet. Det var ikkje mykje kontante pengar mellom folk i denne tida. Det meste handla om varebyte.

Gjeldspostane Peder Christophersen let etter seg, var ikkje store. Gjelda til kjøpmenn i Bergen er helst symbolsk: 3 dalar, 1 ort og 6 skilling til "Albert Mohns Sønner" og 1-0-6 til kjøpmann Petter Mohn. Bergensgjelda Ole Helgesen sat att med i 1857 (til "Deres Ven Henrich Thomsen") var, til samanlikning, 59-1-11.

Største gjeldsposten i 1840-buet var åbota på 30 spesidalar til grunneigarane (her har eg forresten eit uløyst problem: Skifteforretninga tidfestar dødsbuet til Peder sin far til 1835. Men den Christoffer Olsen Våg eg har funne i kyrkjeboka, døydde først i 1837). Dessutan var Peder verje for Kjersten og Cassie Jacobsdøttre Lekanger, og dei fekk til saman 10-4-14 for inneståande arv. Og han skulda ein dalar til Arnt Olsen Navjord (i Beiarn). Eg veit at Peder hadde ein farbror som heitte Arnt Olsen (f. 1768), men eg er usikker på om det var han som var kreditor. Eg har ikkje greidd å finne ut kvar det vart av han.

I 1857-buet er det dessutan 7-3-8 i utgift til tenestejenta, Nikoline Pedersdatter, dels i løn, dels som "Erstatning for 8 Al. Vadmel".

Den gjenlevande ektemaken hadde krav på gravferdsvederlag. Dette beløpet var 15 dalar både i 1840 og i 1857.

Ein interessant skilnad på dei to skifta er posten uteståande gjeld. Medan Ole Helgesen ikkje hadde debitorar i det heile, hadde Peder Christophersen lånt ut til både den eine og den andre: Andreas Christensen Vaag, Andreas Sandberg Horsdahl, Jens Blix Indyhr, Johan Thomessen Sandvigen, Simon Øiaas, Stener Hansen og Casper Larsen Ravigen skulda han alle beløp på opptil 5 spesidalar (Stener Hansen for 1/4 tønne korn og ei tønne sild; dei andre postane er ikkje spesifiserte).

Ole Helgesen har fått det ryktet at han "var ikkje lettbeden når einkvan ville ha han til å hjelpe seg" (R. Bolling, Elias Blix, s. 16-17). Og det kan faktisk sjå ut til at Peder Christophersen var noko rausare slik.

Det har ofte vore sagt at Elias Blix aldri fekk nokon økonomisk stønad av stefar sin etter at han flytte heimanfrå. Det kan vere grunn til å peike på at morsarven til Elias Blix, som stefaren måtte løyse ut etter skiftet i 1857, utgjorde 34 spesidalar og 7 skilling. Tek ein med eit tilsvarande beløp til broren, Ole Pareli, kjem vi opp i over tjue prosent av nettoverdien i buet. Eg ser ikkje bort frå at stefar Ole hadde meir en nok med å greie pliktene sine på dette området. Korleis dei to gutane fekk ut farsarven frå 1840 (55 spesidalar, 3 ort og 3 1/2 skilling til kvar), veit eg ikkje. Men eg trur at arven var ein av faktorane som gjorde det mogleg for Elias Blix å bryte opp frå Tromsø med kurs for Kristiania i 1859, saman med stønaden frå kjøpmann Carl Olsen på Nord-Arnøy. Dei to gutane hadde forresten òg arva eit mindre beløp (11-12 dalar på kvar, i to porsjonar) etter farbror sin, John Olsen Skånland i Bodø (skifte i 1852 og 1854).
# lagt inn 3.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?