<$BlogRSDUrl$>

19.1.05

Reiserute 1859 

Eg har tidlegare skrive litt om den lengste reisa Elias Blix nokon gong gjorde, da han reiste frå Tromsø til Kristiania for å studere sommaren 1859. I dag skal du få fleire detaljar.

Måndag 11. juli 1859 går Blix ombord i dampskipet "Æger" og reiser frå Tromsø. Han har budd i denne byen i seks år. No skal han aldri sjå den att. I første omgang reiser han til barndomsheimen i Gildeskål. Turen dit tek eit par dagar. Han skal vere på ferie der i seks veker.

Adresseavisen 06.09.1859 Om sommaren går "dampen" ein gong i veka. Blix går på "Æger" att ein av dei siste dagane i august, reiser frå Gildeskål - no skal han ikkje kome dit før han er ferdig utdanna teologisk kandidat i 1866 - og kjem til Trondheim torsdag 1. september. Her tek han inn hos "Fladaas' enke", som det går fram av spalta "Anmeldte Reisende" i Adresseavisen 6. september. Han har skrive seg inn som "Student Blix, fra Tromsøe".


I Trondheim gjer Nidarosdomen sterkt inntrykk. Han reiser Gudbrandsdalsruta sørover. I eit brev til venen Johan Amundsen fortel han om sagagardane Melhus og Romol, og om Sinclairstøtta ved Kringen. Det er uklårt om han har reist landevegen heilt til Eidsvoll, meir sannsynleg er det kanskje at han har teke båt over Mjøsa. Frå Eidsvoll og inn har han i alle fall reist med den enno nokså nye jernbanen. Ankomst Kristiania: Laurdag kveld 10. september.

Kjelder:
Brev frå Anders Chr. Olsen til Ole Tobias Olsen, 11.07.1859
Adresseavisen, Nasjonalbibliotekets digitale avisbibliotek
Brev frå Elias Blix til Johan Amundsen, 30.10.1859
# lagt inn 19.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?