<$BlogRSDUrl$>

3.1.05

Te eller kaffi? 

Eg får prøve å avslutte gjennomgangen av skifta etter foreldra til Elias Blix.

Ein liten kuriositet til oppvarming i dag: Registreringsforretninga i 1840 nemner "1 Kobber-Thekjedel paa 2 K[an]d[e]r" (ei kanne var i underkant av to liter). Den i 1857, derimot, har "1 Kaffekjedel".

Folk som veit noko om bruken av te og kaffi i nordlandsheimar på 1800-talet, er velkomne til å kommentere! Eg meiner å hugse (eg har ikkje boka heime for tida) at A. Chr. Bang nemner i Erindringer at bruken av kaffi var begynt i barndomen hans på Helgeland, altså om lag 1850 - og at den vanlegaste tilsetjinga var salt. Eg har undra meg noko over det, for eg meiner å ha høyrt at kaffi var utbreidd i andre delar av landet på eit tidlegare tidspunkt.

Men var teen tidlegare ute? For ein rein prydgjenstand var vel ikkje denne tekjelen - som elles er rekna mellom dei meir verdifulle eigedelane til huset.
# lagt inn 3.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?