<$BlogRSDUrl$>

9.2.05

Dagens Blix 

Den gode Gud / Ei Kyrkjebrud / Aat Sonen vilde vinna.
Men ho var seld / Fyr Skuld og Gjeld, / Ved Daudsdom feld;
Men Gud daa Raad kann finna.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 38-41

Også Salmar og Songar har ein salme til "Fastelagssundag", med overskrifta Kristi Brud. Salmen kom aldri inn i noka autorisert salmebok, og eg kan ikkje seie at eg kjenner det som noko sakn.

Tanken om kyrkja som Kristi brur (ofte applisert på den einskilde kristne) er eit klassisk kristent tema. Den store nordiske bruremystikaren er Brorson. I vår tid er det ikkje så lett å aktualisere denne tradisjonen, og eg har ei kjensle av at det ikkje var enkelt i 1900 heller. Det kvinnesynet som ligg under er og blir problematisk.

Men både dei mystisk-erotiske assosiasjonane og det negative synet på "verda" i denne salmen har bibelsk forankring. Sjå Efesarbrevet 5,25-32, Johannes 14,1-4 og 17,9-16.

Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 9.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?