<$BlogRSDUrl$>

26.2.05

Dagens Blix 

Jesus, lyft ditt ljose Merke, / Du, som Myrkret yvervann!
Syn, at enn du er den Sterke, / Som mot Satan sigra kann!
Um han kjem i Engleham, / Fer med Lygn og Løynraad fram,
Um med Vald han vil oss herja, / Du, den Sterke, kann oss verja!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 51

Til 3. sundag i faste hadde Blix i 1891 ein ny originalsalme, over evangelieteksten for dagen, Lukas 11,14-28. Salmen står framleis på nr. 109 i Norsk Salmebok, den er ein god fastetidssalme om kampen mot dei vonde maktene. Den er korta ned til det halve, og i motsetnad til "Av berre det Braud" meiner eg at denne salmen har tent på forkortinga. Kombinasjonen i 5. strofe av den underlege utsegna om "vonde Andar, sjaufald verre" med den restriktive haldninga til ein "andre bot" i Hebrearbrevet 6 er slåande, men problematisk.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Måndagens Blix.
# lagt inn 26.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?