<$BlogRSDUrl$>

5.3.05

Bibelmål 

Dag og Tid kom nett i postkassa. I avisa denne veka finn du (på papir, ikkje på nett) artikkel nr. 3 i ein serie om revisjonen av den nynorske bibelomsetjinga. Dette er eit fint og balansert journalistisk arbeid, synest eg, der dei ulike syna i diskusjonen kjem godt fram. Tidlegare har det vore eit innlegg av redaktøren i Stille Stunder, Ivar Molde (5. februar; stykket har òg vore prenta i Stille Stunder) og eit intervju med språkdirektør Sylfest Lomheim (26. februar). I dag er det intervju med Jostein Stokkeland, Oskar Stein Bjørlykke og Paal-Helge Haugen, som representerer noko ulike posisjonar internt i prosjektet, og ein bråte lesarinnlegg av mange nynorske "tungvektarar" (Ola Breivega, Hermund Slaattelid, Ottar Grepstad, Kjell Venås og Jarle Bondevik). Personleg har eg nok mest sympati for synspunkta til Paal-Helge Haugen, som er mellom dei meir "moderniserande". Men når det gjeld eitt konkret punkt som mange tek opp, at "læresvein" i Det nye testamentet er skifta ut med "disippel", er eg samd med kritikarane. Eg kan ikkje på nokon måte sjå at "disippel" skulle vere meir moderne eller meir forståeleg. Hovudproblemet er sannsynlegvis at "læresvein" kan oppfattast som maskulint (og dermed som "non-inclusive language"). Men er det naudsynt? Det heiter "handverkarsvein" på nynorsk, gjer det ikkje? Same kva kva kjønnet og faget er?
# lagt inn 5.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?