<$BlogRSDUrl$>

13.3.05

Dagens Blix 

No kjem det Bod fraa Englekor / Med Ord og Ærend slike:
Guds Son, som bur i Æra stor / Og eiger Himmerike,
Vil no vaart Kjøt seg taka paa / Og Manndom faa,
Slikt Nytt er utan Like!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 55

Dei to salmane til "Mariamessa" er begge godt innarbeidde i dansk-norsk salmetradisjon. Begge går på den gamle melodien "Maria hun er en jomfru ren". Kingo-salmen "Nu kom her Bud fra Engle-Koor" er forkorta med eit par vers i Landstad (nr. 294), og det er Landstad-versjonen Blix har lagt til grunn.

Men på sett og vis kunne dette godt vore ein "original" Blix-salme, Blix står støtt i tradisjonen frå Kingo. Det vert spela på fleire bibeltekstar i desse versa, men særleg på evangelieforteljinga om bodskapen til Maria (Lukas 1,46-55), sjølvsagt. Merk den karakteristiske overgangen frå eksplikasjon av bibelteksten til applikasjon på det syngjande subjektets eige liv i dei to siste strofene. I strofe 3 finn vi engleordet til Maria: "Guds Kraft deg yverskyggja skal". I strofe 6 identifiserar det truande og syngjande eg seg med bibeltekstens Maria: "So lat din Ande, Frelsarmann / Meg kraftig yverskyggja!"

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix.
# lagt inn 13.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?