<$BlogRSDUrl$>

23.3.05

Påskebok 

Påska kom like tidleg i 1869 som den gjer i år. Tysdagen i den stille veka, 23. mars, sit Ivar Aasen med eit tynt lite hefte på 32 sider i handa, den nyaste utgjevinga til Det norske Samlaget, fersk frå trykkeriet. Han les juleevangeliet, i den målforma han sjølv har utarbeidd:
Det Folk, som fyrr i Myrker sat / Og Daudens djupe Skygge
Og sukkad i den lange Natt / So saart um Ljos og Hygge:
Dei saago braadt ein Dag / Med ukjent herlegt Lag
Ei Morgonstjerna rann, / Som lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.
Den første salmesamlinga i landsmålet er utkomen.

Alt i påskehelga kjem dei første meldingane. Påskeaftan har Dagbladet salmen "Den Paaske er væl ljos og blid" på framsida, nokre dagar seinare kjem ei bokmelding. Og sjølve påskedagen skriv sjølve Dølen, Aasmund O. Vinje, om boka i Dølen. Ei anna interessant melding er den som står i Den norske Folkeskole laurdag 8. mai. Meldaren, A. J., er ein av dei tre redaktørane. Andreas Johnsson (1835-1914) kom frå Steigen i Nordland. Han var klassekamerat med Elias Blix på Tromsø seminar, tok eksamen eitt år seinare enn han (1856), og var lærar i Ibestad og Kragerø før han i 1860 kom til Grønlands skole i Kristiania. Johnsson var svært aktiv i Kristiania lærerforeining, saman med ein annan god ven av Blix, Carl Johan Nilsen - og han var medlem av Det norske Samlaget.
# lagt inn 23.3.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?