<$BlogRSDUrl$>

22.4.05

Dagens Blix 

Frelsaren til sin Fader for, / Der han oss Rom vilde reida,
Sende so Anden sin til Jord, / Som oss til Sanning skal leida.
Han ved Guds Ord i Jesu Namn, / Viser oss Veg til Himmelhamn:
Jesus er Vegen og Livet.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 78

"Jesus, du er den Himmelveg" har vore med heilt frå 1875-heftet av Nokre Salmar. Men denne salmen har Blix arbeidd mykje med før den i 1891-utgåva fann den forma vi kjenner i dag. Mellom anna har han skrive eit heilt nytt vers, det som er sitert over.

Eg har kommentert dei tydelege allusjonane til ulike stader i Johannesevangeliet tidlegare. Her har salmen fått ei tydelegare binding til den eine av dei aktuelle tekstane, og gjennom det til kyrkjeåret: Johannes 14,1-11 kom inn som ny evangelietekst (i det som seinare blei kalla "tredje tekstrekke") gjennom liturgireforma i 1886. Elias Blix tok sjølv aktiv del i førebuinga av den reforma, som kyrkjestatsråd.

Dessutan hadde Elias Blix personleg omsett Johannesevangeliet til det første landsmålstestamentet. Evangeliet blei utgjeve i 1889, i den avsluttande fasen av dette arbeidet. Eg er oppteken av vekselverknaden mellom bibelomsetjing og salmedikting hos Elias Blix. Her kjem det aktuelle avsnittet frå Johannes 14 i Blix si eiga omsetjing:
2 "I min Faders Hus er mange Rom; men um ikkje so var, vilde eg hava sagt dykker det.
3 Eg gjeng burt til aa reida dykker Bustad.
Og naar eg er gjengen burt og heve reidt dykker Bustad, kjem eg atter og vil taka dykker til meg, at de og skulo vera der, som eg er.
4 Og kvar eg gjeng, det vita de, og Vegen vita de".
5 Tomas sagde til honom: "Herre, me vita ikkje, kvar du gjeng, og kor kunna me daa vita Vegen?"
6 Jesus sagde til honom: "Eg er Vegen og Sanningi og Livet; ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
7 Dersom de hadde kjent meg, so hadde de og kjent min Fader; og no heretter kjenna de honom og hava seet honom".
Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875,- 1883-utgåva.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sundagens Blix.
# lagt inn 22.4.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?