<$BlogRSDUrl$>

6.5.05

Dagens Blix 

Still no dine Strengjer, / Ande, lyft no Vengjer,
Stig med Song i Sky!
Alle, som kann mæla, / Syng idag um Sæla
Rundt i Bygd og By!
Mann og Møy / Um Land og Øy,
Kristenfolk fraa alle Leider, / Syng til Jesu Heider!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 85

Den første av tre salmar til helgetorsdag (Kristi himmelfartsdag, for dei som måtte trengje den presiseringa). Salmen var nyskriven til 1883-utgåva. Dette er sjølvsagt ein av favorittsalmane mine, amatørfiolinist og -bratsjist som eg er. Strengeleik-motivet har eg kommentert før.

Motivet "Ande, lyft no Vengjer" skulle eg gjerne hatt litt hjelp til. Kva for ein "Ande" er det tale om, Guds eller songarens? Og kva for "Vengjer"? Dua er jo eit tradisjonelt symbol for Den heilage ande, men er vanlegvis ikkje knytt til beretninga om Jesu himmelfart?

Det er ein rik bilettradisjon kring Kristi himmelferd. Eg er som vanleg mest oppteken av den intertekstuelle vevnaden av bibelske motiv. Forteljinga er å finne i Lukas 24,45-53 og Apostelgjerningane 1,1-11. Men salmen inneheld ei stor mengd allusjonar til andre bibelstader. Den raude tråden er, noko overraskande, å finne i Hebrearbrevet. Les gjennom heile kapittel 1 og 2, pluss 6,19-20, saman med dei fire første strofene av Blix-salmen. Ja, du kan gjerne lese heile brevet, forfattaren av Hebrearbrevet og Elias Blix har mykje felles. Dei er begge gode rabbinarar, som brukar det bibelske universet for alt det er verdt.

Har du god tid (eg har ikkje det i dag), kan du også leite gjennom Johannes' openberring. Eg får slutte for i dag med å leggje fram nokre andre tydelege allusjonar: Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentar.
Onsdagens Blix.
# lagt inn 6.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?