<$BlogRSDUrl$>

17.5.05

Dagens Blix 

17de Mai.
So rann han atter upp dan Dag,/ daa me vaar Fridom fingo,
daa Feder slog eit Hovudslag/ og ut med Siger gingo:
Daa Noregs Menn med Kjempehand/ seg løyste ut av Træleband
og helsade sin Heidersdag/ med ljose Framtidsvonir.

-----------
Manus datert 1860. Publisert i Syn og Segn 9 (1903), s. 195-197.

Som du kan hende har skjøna, eg har vore bortreist i pinsehelga. Men i dag skal du få "Dagens Blix" att.

Til grunnlovsdagen hadde du kan hende venta "Gud signe vaart dyre Fedraland," men den kjem ikkje før utpå hausten. Derimot skal du få eit lite kjent ungdomsdikt. "17de Mai" er datert 1860, men blei ikkje publisert så lenge Elias Blix levde. I 1860 las Elias Blix for fullt til artium. Han tok eksamen i august dette året. Men alt på dette tidspunktet var han begynt å skrive dikt og songar i landsmålet. Eit anna patriotisk dikt, "Noregs Vaar," er også datert 17. mai 1860.

Desse ungdomsversa er kraftpatriotiske i ein grad vi knapt er i stand til å ta alvorleg i dag. Men alt desse tidlege dikta inneheld tankar, bilete og språklege vendingar vi finn att i fullmogen form seinare, sjå berre på "No livnar det i lundar," "Gud signe vårt dyre fedreland" eller "Det folk som frægt vil vera."

Les meir.
Måndagens Blix.
# lagt inn 17.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?