<$BlogRSDUrl$>

25.5.05

Testamentet 2 

Når eg er inne på den nynorske bibelsoga: Eg kom i hug denne passasjen frå eit brev Johan Einar Unger skreiv til Henrik Krohn 3. august 1871 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, handskriftsamlinga, brevsamling 41). Unger skriv frå Kvam (Vikøy), der han er personellkapellan, takkar for sist i Bergen og fortel at han er utnemnd til nytt embete. Så kjem denne passasjen:
Mattheus-Evangeliet, som eg har gjenomseet til Helvt av, fekk me altfor stutte Stunder til at samraadast um; det er og synlegt at Grieg har so myket at staa i no med si nye Drift, so det er godt at hava Umrøme. Naar eg no kjem nærmare, kann me etter Tilhøve[?] faa Boki snart fraa oss, so ho kann koma ut til Jol.
Eg har lese og tenkt mykje over denne passasjen, og lurt på om "Mattheus" kunne vere skrivefeil for "Markus", den første nynorske bibeldelen, som Georg Grieg gav ut. Men det var i 1870. Aasen fekk boka før jul. Dette brevet må tyde at Georg Grieg, Henrik Krohn og Johan Einar Unger heldt fram med bibelomsetjing og tok Matteusevangeliet som gruppearbeid. Men eg har aldri høyrt om det frå andre kjelder. Og noko Matteusevangelium kom ikkje, dei involverte hadde nok for mykje å stå i med i 1871. Derimot gav Werner Werenskjold ut St. Johannes Evangelium i Bygdemaal fraa Vestre Thelemarken. Og Olaus Fjørtoft publiserte nokre bibelavsnitt i bladet sitt, Fram.

Det var altså eit driv i retning av ei nynorsk bibelomsetjing i åra omkring 1870. Men så blir det stille, fram til "den storearbeidsbolken" i 1880-åra. Kvifor? Er dette ein del av soga om 1870-talet som nynorskens ørkenvandring "Frå Dølen til Fedraheimen"?

Forresten, heilt stille blir det ikkje. Her er eit brev frå Elias Blix til Matias Skard (NBO, Brevsamling 514)
Kr.ia 18de Mai 1875.

Hr. Kand. Skar.

Eg takkar Dykk so myket fyre Brevet, som syner meg, at De alt er langt i Veg med ei norsk Bibelumskrift. Som Svar paa Dykkar Spursmaal kann eg upplysa, at eg ikkje har umsett nokot av Bibelen og iminsto enno ikkje paa lang Tid kann tenkja paa eit slikt Arbeid. De heve soleides full Grunn til aa halda fram, og eg [SIC] all Grunn til aa ynskje Dykkar Verk god Framgang. Gud signe Arbeidet!

Venlegast
E. Blix.
Per Halse held på å analysere dette materialet. Eg gler meg til å sjå kva han får ut av det.
# lagt inn 25.5.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?