<$BlogRSDUrl$>

7.6.05

1905 

Det er altså i dag vi skal markere (NB: Ikkje feire!) oppløysinga av unionen med Sverige for hundre år sidan. Ja, ja.

Det er i grunnen berre ein feil med Elias Blix som biografiobjekt: Han døydde tre og eit halvt år for tidleg. Men fedrelandssalmen overlevde.

Du kan jo markere (NB: Ikkje feire!) dagen med den framifrå utgåva av Språknytt (direkte til .pdf-versjonen her) som Språkrådet har gjeve ut i samband med markeringa (NB: Ikkje feiringa). Verd å lese er ikkje minst Jarle Bondeviks artikkel "Bibelen i 1905" (s. 48-53) og Olaf Almenningens "Stoda for nynorsken og målrørsla i 1905" (s. 38-42).

Eller du kan markere (point taken?) dagen ved å ta tida attende, saman med rørsla, eller nettverket, eller kva det no er 07-06-05.

Eller du kan feire (SIC) mi svigerinne Marit, som i si tid passa på å bli fødd på ein dag med allmenn flagging. Gratulerer med dagen!
# lagt inn 7.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?