<$BlogRSDUrl$>

14.6.05

Dagens Blix 

Vaar Gud oss skapte / Til Sæla utan Slut.
Men alt me tapte / Og fall i Synd og Sut.
Me gjorde illa / Og veik fraa Livsens Leid.
Me for i Villa / Som Sauder vidt paa Heid.
Til Spott og Spilla / Me fram i Uferd skreid.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 104

Endå ei vekkingspreike over Lukas 15, her meir over første del (likninga om den bortkomne sauen) enn siste (likninga om den bortkomne sonen).

Den gamle salmen "På Gud alene" er dessverre teken ut av Norsk Salmebok. Men den staselege tonen har vi heldigvis framleis (NoS 59, "Fra fjord og fjære").

Ein kan diskutere kor vellukka flettinga av veg- og havbileta er i siste strofe. Men den er svært typisk for Blix (og fjell- og fjordlandet Noreg), så du får strofa her:
I Storm og Stilla, / I Faare og i Fred,
I Veglaus Villa, / I Myrker utan Med
Vaar Gud oss leider / Og lyser fyr vaar Stamn,
Vaar Veg han greider / Og fører oss i Hamn,
Til Lov og Heider / Fyr sitt det store Namn!
Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sundagens Blix.
# lagt inn 14.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?