<$BlogRSDUrl$>

14.6.05

Fyrebilsbibelen 

Evangelium (= godt nytt) frå Studentmållaget: No kan du lese Studentmållagsbibelen frå 1921, den såkalla "Fyrebilsbibelen", på internett! Frå presentasjonen:
Av alle saker Studentmållaget har hatt føre seg gjennom hundre år, er påfunnet om å gje ut den fyrste nynorske bibelomsetjinga mellom dei mest ambisiøse og oppsiktsvekkjande.

Bibelen kom ut sommaren 1921 og vart prenta i eit opplag på 50 000, som vart utselt i løpet av ein tiårsperiode. Halvparten av bibelutgåva bygde på omsetjingane til Alexander Seippel.
Dette er ei storhending som kvalifiserer til fast peikar i venstremargen på BlixBlog. Soga om Fyrebilsbibelen kan du lese hos Jarle Bondevik, Og ordet vart nynorsk, Bergen: Norsk Bokreidningslag, 2003, s. 86-98. Seippel hadde omsett evangelia, så Blix' omsetjing av Johannes frå 1889 er ikkje med her. Men Blix er representert som omsetjar av Romarbrevet og første delen av Salmane.

Omtalen på sida til Studentmållaget nemner dessverre ikkje den verkelege primus motor i dette arbeidet: Peter Hognestad (1866-1931), jærbu, teolog, den første "målpresten" i Kristiania, den første professoren i det gamle testamentet ved Menighetsfakultetet (og endå er det dei som vil ha han til å vere grundtvigianar!), og sist biskop i Bjørgvin.

Det talrike omsetjarkorpset inkluderer så ulike personar som Anders Hovden, Lars Eskeland (folkehøgskolen på Voss - heilt til han konverterte til den katolske kyrkja), Arne Bergsgård (historieprofessoren, ja), Erik Eggen (lektor og komponist), Torkell Mauland - og eit tital andre personar.

Slå opp i Fyrebilsbibelen, og
kjøp boka til Jarle Bondevik!
(Å få tak i Fyrebilsbibelen i bokform kan du gløyme, med mindre du veit om eit eksemplar du kan arve. Den er ikkje å oppdrive antikvarisk)
# lagt inn 14.6.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?