<$BlogRSDUrl$>

2.7.05

Dagens Blix 

Med Jesus vil eg fara / Paa Livsens Ferd i Lag.
Gud, lat den Samferd vara / Alt til min døyand' Dag!
Det er mi høgste Æra, / Det er mi største Ros
Hans Fylgjesvein aa vera / Og vandra i hans Ljos.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 108

Kva er det som har gjort nett denne salmen så kjær for så mange menneske?

I denne utgåva av Nokre Salmar har Blix plassert salmen på sjølve Aposteldagen, Peters og Paulus' dag, dagen for å feire dei store trusheltane. Men Blix sin apostel er heller ein kvardagshelt, ein som nokon kvar kan kjenne seg att i.

Orda og bileta er enkle, dette kan eit barn forstå. Synsvinkelen er individuell, her er det "Jesus og eg". Dette fungerer til personleg andakt. Forma er gjennomarbeidd. I strofe 1 blir biletet av livet som ei vandring, ein veg, etablert. Strofe 2-4 begynner alle med eit Kristus-predikat, som blir utdjupa i resten av strofa. Det er lett å hugse. I strofe 2 blir Jesus identifisert med "Stjerna" som kastar lys på vegen, som Betlehemsstjerna i juleevangeliet (det til Matteus, altså, ikkje det vi les i kyrkja julaftan). I strofe 3 er det gåva (som får meg til å tenkje på likningane om skatten og perla). Midt i strofa, som også er midt i salmen, skiftar biletet frå veg- til vekst-biletet. Der held resten av salmen seg, hos "Sarons Lilja" (Jes 35,2; Høys 2,1) og "Vin-tre (Joh 15,1-8) i Guds Hage (Eden!)"

Ein enkel salme for kvardagskristne, med kjende og kjære bilete frå Bibelen og frå naturen. Men bileta er kombinerte på nye måtar, noko som gjev nye og stundom overraskande perspektiv.

For heng eigentleg denne salmen på greip? Kan ein verkeleg gjennom ein halv salme late mennesket "vandre", for så å setje det på rot og la det "vekse" i resten av teksten?

Av og til lurar eg på om "vandringa" er heilt reell i Blix-salmane. Elias Blix er aldri heilt blitt kasta ut frå Edens hage. Han har grodd fast der og blømer stadig.

Det slår meg at desse to motiva kunne vere eit brukbart analysegrep. Egil Elseth har eit fint kapittel om pilegrimsmotiv i Blix-salmane i boka si. Det kan hende at vekst-biletet er vel så karakteristisk.

Heile salmen.
Tidlegare kommentarar: 1875-, 1883-utgåva.
Sundagens Blix.
# lagt inn 2.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?