<$BlogRSDUrl$>

3.7.05

Dagens Blix 

Kor illt det ser i Verdi ut, / So fæl og myrk og full av Sut!
For Vreide, Hat og Ovund no / Ligg yver Verdi liksom Snjo,
So vandt ein lenger kjenna kann / Den sanne Kjærleiks Broderband.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 109

Dette er ein Brorson-tekst, om du skulle lure. Det går bra til slutt.

"Hvor seer det ud i Verdens Ørk" har heile 17 vers i original, 15 hos Landstad (nr. 471), 14 hos Blix. Blix har berre denne eine salmen til 6. sundag etter trieining/7. sundag etter pinse. Kvifor valde han nett den? Når han ikkje finn på noko betre, ser han ofte over til Landstad og gjendiktar ein av salmane han har sett opp til dagen. Her er det ikkje slik, i Landstads salmebok er teksten knytt til sundagen for to veker sidan. Strofe 2 (hos Blix, nr. 3 hos Brorson) er bygd over ein del av den gamle evangelieteksten for dagen. Men elles synest eg ikkje salmen høver særleg godt til dei radikale motiva frå Bergpreika. Den har eit litt anna fokus, vekta ligg på den kristne kjærleiken og fellesskapen. Eg må nesten ta med ei strofe til, som helsing til forlaget mitt ...
Naar dette himmel-sterke Band / I Verdi rett fær Yverhand,
Daa veks Guds Kjærleik vænt og fridt, / Hans Rike breider seg so vidt
Og dreg so mange skilde Sinn / I dette Himmel-Samlag inn.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 3.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?