<$BlogRSDUrl$>

6.7.05

Ferielektyre 

Eg driv og ferierer litt no og da, er nett heimkomen frå ein snartur til København og Tivoli. Med meg på turen har eg hatt Odd Inge Skjæveslands nye bok om Ministerhotellet: Unionens glemte maktarena (Oslo: Arneberg, 2005). Elias Blix og heile familien, pluss to tenestejenter og ein huslærar, budde i Ministerhotellet på Blasieholmen sentralt i Stockholm frå sommaren 1885 til sommaren 1886. Skjævesland har spart meg for mykje arbeid med å skrive denne boka, som dokumenterer historia til huset utførleg og samtidig gjev eit artig perspektiv på den ofte repeterte historia om unionstida og -oppløysinga. Det er rart at ikkje nokon har gjort dette før.
Les bokmelding i Aftenposten (Ole Kristian Grimnes).

Og på Sørlandsturen for ei vekes tid sida fekk eg endeleg lese Egil Børre Johnsens biografi om Nordahl Rolfsen, Fola, fola Blakken (Oslo: Andresen & Butenschøn, 2003). Artig å sjå korleis ein gammal sakprosaringrev som Johnsen brukar biografisjangeren. Gamle lesebok-Rolfsen blir ingen støvsamlar, Johnsen legg ikkje skjul på eigne pedagogisk-polemiske agendaer.

Nordahl Rolfsen var ikkje berre ein yngre samtidig av Elias Blix, dei to sat saman i det første sentralstyret for barnebiblioteka her i landet. Johnsen skriv mykje om denne institusjonen, så eg sparer ein god del arbeid her også.
Les bokmelding i Dagbladet (Stian Bromark), VG (Yngvar Ustvedt)
# lagt inn 6.7.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?