<$BlogRSDUrl$>

22.8.05

Arne 

Første prøve for sesongen i Oslo Symfoniorkester blei spesiell. Den opna med ei kort minnestund over Arne Evang Johannessen (48), mangeårig basstrombonist, muntrasjonsråd, ankermann og instrument- og utstyrsleverandør for orkesteret. Han blei brått sjuk for vel ei veke sidan og døydde sist laurdag. Arne starta og dreiv musikkbutikken Den Lille Basun i Oslo, med ein liten basunengel som logo, og han var svært aktiv som trombonist i svært ulike samanhengar, frå storband til symfoniorkester.



Det er vel ikkje så mange tilknytingspunkt mellom Arne og Elias Blix. Denne meldinga kjem helst under punkt 4 i redaktørplakaten for BlixBlog. Men han har vore ein viktig person for svært mange i og utanfor orkesteret vårt. Det er tomt på plassen hans, og den er viktig. Det var stilt eit minutt av prøvetida, og tida står nok litt stille for fleire av oss i desse dagane. Fred over minnet.
# lagt inn 22.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?