<$BlogRSDUrl$>

19.8.05

Hallane 

Første besøk i det gjenopna bygget til Nasjonalbiblioteket i Oslo i dag. "In diesen heiligen Hallen" (Sarastro i Mozarts Tryllefløyta) er mykje som det var før, når det gjeld den ærverdige utsmykkinga og delar av interiøret. Mykje anna er heilt nytt og moderne. Trådlaust internett, t. d., nett no sit eg og bloggar på direkten frå ein avislesesalsplass. Mykje glas og børsta stål i det som er nytt av interiør.

Spesiallesesalen (m. a. Handskriftsamlinga) har fått store og gode rom med fine arbeidsplassar. Mikrofilmlesesalen, der eg sit no, har fått nye leseapparat (det var på høg tid). Nett her er nok overlyset ei ulempe, det er ikkje lett å få god nok kontrast på skjermen for gamle auge.

For å kjenne at eg ikkje berre er turist, går eg gjennom Dagbladet for 1875 og 1876. To viktige hendingar i livet til Elias Blix er utgjevinga av det tredje heftet av Nokre Salmar i september 1875 og doktorgradsprøva i oktober-november 1876. Det tredje heftet er den sterkaste av alle enkeltsamlingane, men så vidt eg kan sjå, fekk det så godt som ingen publisitet.

Men det står mykje anna artig i avisa som kastar lys over tilhøve i den tida. Som Hamar-gut gjennom det meste av skoletida må eg koste på meg denne:
Til Diligensefarten mellem Lillehammer og Støren, der til næste Aar tænkes sat i Gang, er der, som vi for nogen Tid siden berettede, konstrueret Prøve-Vogne af 3 forskjellige Fabrikanter, en i Drammen, en i Kristiania og en paa Hamar. I forrige Uge ankom de tre Vogne til Lillehammer, og en Bedømmelseskomite, bestaaende af Bureauchef Voss paa Post-Departementets Vegne, samt Amtmand Meinich, Sorenskriver Meidell og Lensmand Dahl fra Birid, foretog Prøveturer med de forskjellige Vogne i fuldt belæsset Tilstand, hvorved, efter hva H. St. beretter, den af Hr. Norseng paa Hamar konstruerede Vogn paa det fuldstændigste gik a f med Seiren.
(Dagbladet 20.10.1875)
# lagt inn 19.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?