<$BlogRSDUrl$>

12.8.05

Tonen 

Første livsteikn frå Per Halse etter ferien, med ei artig opplysning:
3. og 4. mars i 2004 skreiv du om målsongen som Blix laga til den store marknaden i 1898. Eg veit ikkje om du har lese Halvdan Koht sine minne om "ei av dei små storhendingane" som tilskipinga var, men han fortel m.a. dette om opningsfesten 1. september:

"Der var songkor som bar fram både det diktet "Modersmålet" som Elias Blix hadde skrivi til marknaden og Christian Sinding hadde sett tone til, og Garborgs "Gud signe Noregs land" med ny tone av Kristian Wendelborg"
(Syn og Segn 1948:340)
Nei, dette hadde eg ikkje lese. Eg er spent på om tonen er å finne nokon stad. Eksperten på Sinding er Per Vollestad, veit eg. Den biografien kjem i haust ...

Per fortel elles at han er i startgropa for eit heiltids forskarår. Det passar meg bra, Per arbeider med det nynorske bibelspråket, og eg kjem snart til 1880-talet og Blix sitt engasjement for den saka. Dessutan er det han vel unt. Lukke til!
# lagt inn 12.8.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?