<$BlogRSDUrl$>

17.9.05

Presteromanar 

Med det same eg er inne på bøker eg ikkje har lese (enno):

Lars Amund Vaage har gjeve ut romanen Tangentane i haust. Hovudpersonen er ein mannleg vestlandsprest som heller vil vere pianist. Eg registrerer at mottakinga har vore noko delt, men eg har no planar om å få lese boka i alle fall. Eg var svært gripen av Kunsten å gå.

I fjor kom Hanne Ørstavik med romanen Presten, til og med på same forlaget. Her er hovudpersonen ein kvinneleg finnmarksprest.

Sjølvsagt blir dei to presteromanane samanlikna, og sjølvsagt er det prestar og andre som synest det er interessant at presten er blitt slik ein populær litterær figur. Om dette har eg ikkje noko djupsindig å seie, sidan eg ikkje har lese dei aktuelle bøkene (det er visst ikkje alle som ser noka hindring i det, men eg gjer).

Men eitt bidrag til ei historisk-biografisk lesing av bøkene kan eg ikkje dy meg for; historisk-biografisk lesing av litteratur er no eingong fullstendig intellektuelt ukorrekt for tida. Kva har desse to forfattarane felles, forutan prestefiguren og forlaget? Jau, begge har vore ivrige bibellesarar i seinare år; dei har nemleg hjelpt Bibelselskapet som konsulentar for den reviderte omsetjinga av det nye testamentet.
# lagt inn 17.9.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?