<$BlogRSDUrl$>

15.10.05

Blix og Fram II 

Olaus Fjørtoft kom til Kristiania hausten 1866. Den elleve år eldre Elias Blix hadde nett teke embetseksamen. Dei var begge med på skipinga av Det norske Samlaget i mars 1868. Det er den første kontakten eg kan dokumentere. Fjørtoft var aktiv både her og i Studentersamfundet, og særleg dei første åra på 1870-talet blei han eit samlingspunkt for opposisjonsgrupper begge stader.

Svært interessant er ein passasje frå Fjørtofts kjende pamflett Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn, som blei gjeven ut som bilag til eit av dei første hefta av Fram 8. juli 1871. Heftet blei mellom anna sendt til alle bondevenn-foreiningane, den politiske rørsla som samla seg om Søren Jaabæk nett på denne tida.

Fjørtoft agiterer kraftig for målsaka, men ikkje i kva form som helst. Han er svært kritisk til mange av forsøka i landsmålet, ikkje minst har han spark til bergensarane i Vestmannalaget og forsøka på å opplive gammalnorske ord og former. I grunnen er det berre Aasen og Vinje som held mål i vurderinga hans, dei har nemleg kontakt med det levande talemålet på bygdene. Ja, og så kjem han på eit unntak til frå regelen:
Do maa eg ta unda ein prestlærd Mann, som heite Blix, som hev skrive nokre gilde Salma, som hev vorte vel mottekne over heile Lande. Han skriv Norsk, so kvar Mann kjenne paa Flekken, at ein hev mæ ein norsk Maalmann aa gjera. Men han e og Bondegut.
Ein svært hyggeleg attest for forfattaren av Nokre Salmar, kunne ein tru. Men sannsynlegvis var den alt anna enn velkomen. Forfattaren hadde nemleg lagt stor vekt på å få vere anonym (sjå brevet frå John Klæbo 29.04.1869, som eg tidligare har sitert), og det var blitt respektert, diskresjon var ei dygd mellom målrørslas gentlemen. Så vidt eg veit, er Fjørtoft den første som bryt anonymiteten, ikkje berre denne eine gongen, men ved minst to høve seinare i Fram. Utan velsigning frå opphavsmannen, den var det først Karl Seip, utgjevaren av den kjende viseboka, som fekk. Året var 1884.

Indiskresjonen gjorde neppe stor "skade", og Blix fôr utanlands like etterpå. Men ein må vel tru at Blix kom til å sjå på Fjørtoft med ein del mistru. Så sterke ord som Hagbard Berner nytta han nok likevel ikkje. Berner skreiv til ein ven om tilhøva i Samlaget: "Fjørtofts Sjofelisme har gjort al Ytringsfrihed i Møder umulig, da man har Erfaring for hvorledes han med Brud paa al Sømmelighed og med den frækkeste Foragt for Sandheden offentliggjør hvad der behager ham".
# lagt inn 15.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?