<$BlogRSDUrl$>

17.10.05

Blix og Fram III 

Og så var det "Fram-krisa" i Samlaget: 15. september 1871 held ein ekstraordinært årsmøte i Samlaget for å halde val. Dagblad-redaktør og Samlags-gründar Hagbard E. Berner held fram i det leiarvervet han har hatt heile tida. Med seg får han den unge filologen Hans Jacob Horst (1848-1931), Tromsø-gut og seinare markant venstrepolitikar, og Olaus Fjørtoft. Blix har reist til Tyskland, så plassen hans i domsnemnda må fyllast - med ein annan "Fram"-kar, realisten Jakob Hjelmeset (1849-1877).

Det blei eit stormfullt år, med mange konfliktar i leiinga. Dei kom fram i fullt dagslys på årsmøtet (eller valmøtet) 6. desember 1872. Eg skal ikkje gjere forsøk på å referere, heller ikkje på å skifte sol og vind. Det var prinsipiell og sakleg usemje mellom Berner-fløya og Fjørtoft-fløya, noko som særleg kom til uttrykk i diskusjonen om Steinar Schjøtts (1844-1920) omsetjing av Snorre. Schjøtt la seg på ei målform som veik noko av frå Aasen-normalen.

Fjørtoft publiserte eit langt og detaljert referat frå dette møtet i Fram. Det fyller heile 43 trykksider i bladet. Det er ikkje så lett å få tak i, så eg har transkribert referatet og lagt det ut her (åtvaring: Korrektrulesinga vil eg ikkje garantere [20.10.2005: Ikkje korrekturlesinga heller, der kan du sjå ...]). Sjølv om store delar er eit stenografisk referat av møtet, er det grunn til å lese referatet kritisk, det er tendensiøst. Berner kjem ikkje heilt godt frå dette, her er mykje vikarierande argumentasjon. Men særleg gjev referatet eit samansett bilete av Fjørtoft sjølv, talar, logikar, kranglefant og sunnmøring.

Møtet utvikla seg til full konfrontasjon mellom Berner og Fjørtoft/Horst. Så kjem valet. Begge fraksjonar er viljuge til å ta attval - men det er "anten vi eller dei". Fjørtoft blir lansert som leiarkandidat, men gjer eit overraskande trekk:
Fjørtoft va rædd, han inkje kunde samle so maange om seg, han kunde verte vald, og fyr dæ vilde han nemne Hr. Blix. Aa faa ut Snorre Sturlason va fyr hono dæ vigtugaste. Han hadde nokk skjyna, at Folk va rædd hono ette dæ Skrik Blaa hadde lyfta mot Fram, og at maange helt han fyr ein Rothoggar, og sjøl hadde han nokk og skjyna, at duglegare og høvelegare Folk maatte finnast hell han te Formannsposten. Men Hovusaka va fyr hono aa faa sturta Berner, som han beint ut vilde seie, hadde svike Maalsaka, som han korkje kunde ell vilde lyfte ein Finger fyr, men berre sto i Vegen fyr av Hat te dei yngre, som hadde vaaga aa kny mot denne Maalmanns-Stang. Dei hadde daa sett in sine Taanka paa den Sak, som han saag dæ ut te bere bruka som alle hine Sake, han e Formann fyre, trøytt som han maa vere mæ aa greie seg som Dagblassmannen, og daa hadde Talaren funne, at dæ va inkje storvyre ta hono aa staa fram te Formannsstolen, all den Dag dei ingen anen fann, som ellest vilde gjere dæ. Dei hadde sport Hr. Værenschjold, som alle herinne visste va Mannen. Men denne smaalaatne Mann, som paa den Sak hadde offra baade Penge og Arbei fraa den fysste Dag, synte dæ seg no hell inkje vilde tre fram. Hr. Kand. theol. Blix, som inkje va sams mæ dei korkje i maalvegen ell paa andre Baua, maatte dei vere dei fysste te aa ta ette Værenschjold, for der visste dei va ein Mann baade mæ Hug og Dug, som kunde syne Rettvise mot alle Parte. Han hadde dei og trutt, dei trygt kunde lite paa, vilde føre fram te Aalvor deira Taanke mæ Snorre, som dei og visste han va mannen te aa by Bonden Gussore paa Maale hass. Dei vilde gjerne ha tekje han te Formann, og naar dei kunde ha fengje Ross mæ i Styre og Berner vekk, so dæ vart heilt Samarbei, so vilde dei mæ fysste Ore ha vekje Plassen. Men dei hadde trutt, at Blix her inkje vilde staa fram mot Berner, naar han sjøl inkje hadde so mykje Vit, at han skjyna Blix maatte vere den Mann, alle Fylkinga trygt kunde lite paa. Soleis hadde daa Talaren sjøl stie fram te Formannsposten. Dei hadde nokk og skjyna kor dæ vilde gaa, men dei hadde tenkt aa gaa ærlegt fram, og dæ hadde dei inkje tenkt noken skulde la dei høyre ilt fyre. – Men daa, han va rædd, han inkje kunde kome fram, so vilde han be dei, som hadde Snorre kjær aa stemme paa Blix og inkje kaste vekk si Stemme paa han.
Det blei ikkje noko av denne planen. "Blix kunde inkje ta mot Formansposten", Fjørtoft stilte til val - og tapte. Deretter blei Elias Blix og Hans Ross valde inn i styret i staden for Horst og Fjørtoft. Fram-fløya tapte slaget om samlagsstyret. Kan hende var valet av kompromisskandidatane deira til styret, Blix og Ross, eit plaster på såret.

Men det skulle ikkje bli siste gong Blix blei lansert som kompromisskandidat til eit tillitsverv.

Referat frå Samlagsmøtet 06.12.1872 i Fram
Blix og Fram II
Fram I
# lagt inn 17.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?