<$BlogRSDUrl$>

20.10.05

Blix og Fram V 

Til slutt i denne vesle serien, eit av dei mange gullkorna eg har fått frå Terje Aarset. Målrørslas største doldis, Steinar Schjøtt (mannen bak den omstridde Snorre-omsetjinga) gav eit intervju (noko han svært sjeldan gjorde) i For Bygd og By 18. januar 1920. Eg saksar denne svært interessante sekvensen:
"Var De noko ilag med Fjørtoft?"
"Mangfaldige gonger. Eg lika han godt, endaa han var mykje meir radikal enn eg var dengongen."
"I maalspursmaale og?"
"I det og ja. Men vi var mykje i lag. Tala m. a. mykje um religiøse spursmaal; der var me samde. Han var altid misnøgd med at det vart gjort for lite. Masa med at ein skulde ofre. Igrunnen var han munter og livsglad, kunde ta 'et bæger,' men helst kaffi - endaa um natta drak han kaffi. Snild og godsleg og fælt fatig. Ja, han var snild og godsleg mot alle, Blix undanteke. Han kalla Blix ein aandstyrann. Elles var han vanleg moderat i det han sa um folk. Til eksamen tente han bra med manuduktionar, men var jamt daarleg klædd. Dei siste aari raaka eg han ikkje. Han hadde eit apostolisk ytre, vondt var det ikkje i'n, og hykle kunde han ikkje. Dogme um Kristi guddom gjorde han gjøn med. Kristoffersen hev skrive um det i "Paa Forpost", og eg tala mykje med Garborg um det, daa han arbeidde med "Bondestudentar" --
Andre tonar om Elias Blix enn på valmøtet i desember 1872, altså. Der var Blix den som kunne vise "Rettvise mot alle Parte". Eg samlar på negative karakteristikkar av Elias Blix, dei er svært sjeldsynte i litteraturen. Kva ligg attom uttrykket "åndstyrann"?

Ei side av saka kan vere personleg motsetnad. Det er grunn til å tru at Blix var lite begeistra for Fjørtoft si "outing" av namnet til forfattaren av Nokre Salmar. Men mest trur eg (ja, dette er spekulasjon) at den skriv seg frå ei side ved Blix som av og til kjem fram både i Samlaget og i andre samanhengar: Når det kom til diskusjon om truverdet til Bibelen eller den kristne dogmatikken, stod Blix for svært ortodokse haldningar, og dei var den milde Blix i stand til å uttrykke på måtar som kunne vere ubehageleg tydelege.
# lagt inn 20.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?