<$BlogRSDUrl$>

17.12.05

Boka blant bøker 

Under overskrifta Boka blant bøker – nynorsk revidert har Ola Breivega skrive ei melding av siste nynorske utgåve av Det nye testamentet i Dag og Tid i dag. Den høgt kompetente (både gresk- og norskspråklege) meldaren tek til med utsegna: "At den nye omsetjinga fører oss nærare både den greske teksta og nærare det norske språket, det er å ta hardt i."

Men resten av meldinga er slett ikkje nokon jeremiade over kor mykje betre alt var før. Breivega skriv balansert, godt og poengtert. Han kan nok sakne ord som "læresvein" og "kyrkjelyd", men han har også fått med seg grep som "har gjort den nye omsetjinga mindre pratsam enn den frå 1978 (revidert i 1985) som ho avløyser," og han har gode ord om nyomsetjinga av Fadervår/Vår Far. Omsetjarane vil nok vere særleg takksame for Breivegas sympati på følgjande punkt:
At Jesus ikkje lenger går omkring i ein lekam, men har fått ein kropp, vil eg kalla eit lykkeleg grep. Ikkje minst verkar det rett i skildringane av innsetjinga av nattverden, der Kristi røynlege, kroppslege nærvære i brødet han bryt, no kjem endå sterkare fram. Synest no eg.
Eg òg.

Les heile meldinga.
Anna om resepsjonen av NT.
# lagt inn 17.12.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?