<$BlogRSDUrl$>

16.12.05

Dagens Blix 

Upp, gledjest alle, gledjest no / Med Fagnad, Fred og heilag Ro
I Herren, dykkar Gleda!
For Jesus han er no so nær / Og vil, daa han oss heve kjær,
Uti vaart Kjøt seg klæda.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 9

BlixBlog er gjennom alle kyrkjeårssalmane i fjerde utgåve av Nokre Salmar, men i samband med julehøgtida skal du få nokre ønskerepriser. Den vesle bolken "Nokre andre Salmar" som står sist i boka, kjem vi attende til på nyåret.

Kingo-salmen "Op, glædes alle, glædes nu" har stått i nesten alle salmebøker som har vore i bruk i den norske kyrkja sidan Kingo gav ut Vinterparten av salmeboka si i 1689. Unntaket er, ikkje overraskande, Evangelisk-christelig Psalmebog. Det er Blix-versjonen som står i Norsk Salmebok (nr. 8). Den er mellom dei salmane som Blix publiserte i Nordmannen . Der stod den på trykk torsdag 18.12.1890, med førstelinja "Upp, fegnast alle, ver no glad".

Ti dagar gammal Blix
Heile salmen
Tidlegare kommentar
Norsk Salmeleksikon nr. 3138
Kategoriar:
# lagt inn 16.12.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?