<$BlogRSDUrl$>

19.1.06

Qumran 

Om du synest det har vore lite aktivitet på BlixBlog på nyåret, har du heilt rett. Men den har vore høgare på qumran.no, ein annan vevstad eg driv. Grunnen? Utgjevinga av ein femten år gammal bestseljar, Michael Baigent og Richard Leigh, The Dead Sea Scrolls Deception på norsk: Kampen om Dødehavsrullene (Oslo: Bazar, 2005).

På tysdag hadde eg ein kronikk i Klassekampen (berre i papirutgåva) med tittelen "Utgått på dato". Det er forlaget bak den norske omsetjinga av DaVinci-koden som prøver å tene enda litt meir på å selje akademiske konspirasjonsteoriar. Denne gongen har dei dumma seg ut.

Vel, dette har ikkje noko særleg med Elias Blix å gjere. Men han var no professor i hebraisk, og hadde han fått leve lenge nok, hadde han heilt sikkert vore svært interessert i Dødehavsrullane.
# lagt inn 19.1.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?