<$BlogRSDUrl$>

12.2.06

Oscar II 

Eg er heime att etter ei veke i selskap med kong Oscar II. Det har vore svært lærerikt, ikkje minst å bla i korrespondansen mellom kongen og Johan Sverdrup.

No er Sverdrups regjeringstid nokså grundig handsama av tidlegare historikarar, og mange har også nytta dette materialet i Bernadotte-arkivet. Eit og anna nytt har eg likevel å kome med, fordi eg frå andre hald har fått tak i kjeldemateriale som ikkje har vore tilgjengeleg for andre som har skrive om perioden. I alle fall på tre punkt har eg ny eller meir nøyaktig informasjon enn det ein tidlegare har kjent til:
  1. Konflikten mellom Elias Blix og Jakob Sverdrup om kyrkjedepartementet i juni-juli 1886. Jak. Sverdrup hadde styrt departementet medan Blix var statsråd i Stockholm eitt år, og det oppstod ei heftig usemje om kven som no skulle vere kyrkjestatsråd. Kompromissløysinga blei at Jak. Sverdrup fekk ha departementet nokre månader ekstra for å få fullført ein del saker han var midt oppe i, men så tok Blix over.
  2. Den såkalla "oktober-krisa" i 1887. Etter at framlegget til lov om sokneråd fall i Odelstinget sommaren 1887, sprakk Sverdrup-regjeringa. Fire statsrådar, Elias Blix inkludert, gjekk ut av regjeringa i februar 1888. I månadane før var det drive eit intenst politisk spel, mellom anna under interne forhandlingar i statsrådet i oktober 1887.
  3. Saka om professoratet i latin ved universitetet i Kristiania (oktober 1887-april 1888). Meir enn noko var det nok denne einskildsaka som dreiv Blix ut av regjeringa.
Derimot har eg lite nytt å melde om korleis Blix kom inn i statsrådet i 1884, eller om jamstellingsvedtaket i 1885 eller Kielland-saka (1885-1887) eller soknerådssaka (1887). Det vil seie, eitt og anna har eg frå andre kjelder, og eg har nokre tankar om kor meir kan vere å finne.

Visste du forresten av Oscar II personleg engasjerte seg i spørsmålet om ny høgmesseliturgi for den norske kyrkja? Her måtte kyrkjestatsråden gjere greie for ei rad konkrete punkt som kongen helst hadde sett lagt nærare den svenske liturgien, ser det ut til.
# lagt inn 12.2.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?