<$BlogRSDUrl$>

2.3.06

Dagens Blix 

No Soli bak um blaae Fjell
Sitt ljose Andlit gjøymer,
Og Myrker yver Heimen fell,
Og Jordi ligg og drøymer.
Gud lat di Aasyn lysa ned,
So heilag Fred
Inn i vaart Hjarta strøymer!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 149

Det blir ein kveldssong til morgonandakt i dag.

Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg har ei kjensle av at vi i dei to kveldssalmane kjem Elias Blix personleg nærare inn på livet enn nokon annan stad. Eg har ofte argumentert for at forfattarens biografi er lite relevant når det gjeld lesing og bruk av salmar, slike tekstar er brukstekstar, laga for å låne individ og fellesskap høvelege ord til å møte dei ulike situasjonane livet og trua fører ein inn i. Men det er noko spesielt her, kan hende i kombinasjonen av naturbileta, livsalvoret - som likevel aldri blir skremmande, alltid har ein optimistisk undertone - og den evige himmeloptimismen.

På den andre sida er kveldssalmane relativt fattige på bibelske bilete. Slik sett er dei ikkje heilt representative.

Sidan eg først syndar mot eigne prinsipp og er i ferd med å lese salmen biografisk: Kveldssalmane til Blix kunne gå rett inn i ein institusjon han var kjend med frå barndomsheimen, den å "halde kor", å ha ei enkel kveldsandakt med salmesong, skriftlesing og bøn.

Det har ofte vore observert at Blix gjer eit lite feilskjer i biletbruken i nest siste strofe. Der brukar han eit bilete som knyter til oppvekstmiljøet hans, songaren er "Ferdesmann paa ville Hav / I Storm og stride Veder". Men så tek han landevegen fatt: "Eg styrer mot mi opne Grav / Med kvart det Stig, eg treder." Strofa er utelaten i den versjonen vi nyttar i dag. Men eg synest no det er litt sjarmerande.

Tysdagens Blix
Heile salmen
Tidlegare utgåver: 1875-, 1883-utgåva
Norsk Salmeleksikon nr. 2620
# lagt inn 2.3.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?