<$BlogRSDUrl$>

30.3.06

Gammelkyrkja 

Aktiviteten er ikkje så intens på BlixBlog om dagen, men dette straumbrevet frå Nordland i kveld må få spalteplass med ein gong:
Ei gladmelding frå Gildeskål: Riksantivaren, kraftlaget, venneforeninga til kyrkjestaden og kommunen har gitt nesten 700.000 til å setje i stand Gammelkyrkja. No vert mellom anna kortaket endeleg reparert.

Med beste helsing frå Oscar
Dette er verkeleg godt nytt. Eg ser fram til å synfare åstaden ved pinsetider. Oscar Berg ved Salten Museum er mi beste oppegåande kjelde til Gildeskål-relaterte tilhøve knytta til Elias Blix (dei fleste andre kjeldene mine er berre bevarte i skriftleg form).
# lagt inn 30.3.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?