<$BlogRSDUrl$>

25.3.06

Min salme 

Vårt Land (papirutgåva) har kvar fredag spalta "Min salme". BlixBlog har tidlegare sitert Anders Folkestads ord om "Syng i stille morgonstunder". Ny telefon frå far min i dag. Denne helga må du lese Åsmund Bjørnstad (forfattar og professor i planteforedling ved Det miljø- og biovitskaplege universitetet på Ås):
Møter våren med Brorson og Blix
Å velje ein salme er ei umogeleg oppgåve. Salmane fylgjer årstider og kyrkjeår, livsaldrar og tidsaldrar og syng seg inn i oss. Med Grundtvig: friest er dit åndefang, når dybt du drager det i sang – då er lungevolum og åndsfylde noko nær det same.

Når eg blar for å plukke ut ein, er det mange salmar eg stoggar ved. Hadde det vore
advent, ville eg vald Landstad: «Våkn opp du som sover». Nå er det vår snart, og eg
vel Brorsons «Opp alle ting som Gud hev gjort».

Her teiknar ikkje Brorson dei skapte tinga som «vår arme jord», men som jordiske og
gode – og med humor, som i biletet av kongane som i rad fomlar med å pode eit blad på ei brennesle (netla, nælde).

Songen (pusten, anden) i alle ting får til sist fylgje av songen i himmelen (men utan å stige til tynne luftlag, som i «Deilig er jorden».)

I tillegg overgår Blix si gjendikting originalen – for eit norsk auga. Når Brorson
skriv om livet i havet heiter det: «Hvad skal jeg sige, når mit sinn/i havets dybe grunde / kun dog så lidt kan kige ind/og ser så mange munde!» (Norsk Salmebok ligg nær opp til originalen.) Samanlikn med nordlendingen Blix i strofe 8. Blix får til og med smugla inn eit fuglevær. Han bøyer seg – for ein natur meir overveldande enn på Sønderjylland. Det same er uttrykt i svaret i strofe 12. I Norsk Salmebok heiter det:» Hva skal jeg sie? Mine ord/ kun fattig bud kan bære:/O Gud hvor er din visdom stor,/din godhet, kraft og ære!» I staden for den luftige sistelina, skriv Blix stilt «at mannemål må teia». Når kjem Blix-versjonen (Nynorsk salmebok nr. 352) inn att i salmeboka?
Her er BlixBlog fullstendig samd med Åsmund Bjørnstad. Les heile salmen.
# lagt inn 25.3.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?