<$BlogRSDUrl$>

9.3.06

TV 

Eg ser omtrent ikkje TV. Dermed er eg spart for påkjenningar av typen RedaksjonEN. Det er sikkert godt både for hjartet og humøret mitt. I kveld har eg gått glipp av følgjande oppvarma problemstilling (som luktar restemiddag lang vei):
Talet på elevar med nynorsk som hovudmål går nedover. Likevel planlegg politikarane å auke løyvingane for å styrkje nynorsken. Er det rett bruk av offentlege midlar? Dette er temaet i RedaksjonEN klokka 20.25 i kveld.
...
Du kan også delta i sendinga. Send ein SMS til 1987 med kodeord: REDAKSJONEN og din kommentar.

Nokre av tekstmeldingane vil rulle over TV-skjermen under sending.

Tekstmeldinga bør ikkje vere lenger enn 160 teikn. Tenesta kostar 5 kroner. Vi kan dessverre ikkje garantere at akkurat di melding blir plukka ut.
Men dette er da berre ein kamuflert måte å betale NRK-lisens på, kamuflert som skinndemokrati? Keisaren må fryse fælt i Oslo i kveld, for han har ikkje stort på seg ...
# lagt inn 9.3.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?