<$BlogRSDUrl$>

2.3.06

Vanskelege ord 

Dagens debattemne kjem via NRK.no:
Forfatter og språkviter Helene Uri mener at de vanskelige ordene må fjernes for at folk skal få øynene opp for mange av Norges litteraturskatter.

Uri mener språket i mange av de gamle klassikerne er for vanskelig.

- Jeg unner flere de gode leseopplevelsene som ligger på lur i gamle bøker. Jeg tror mange unge blir skremt fra å lese bøkene i sin helhet, når de kun ser utdrag av dem i skolebøkene, sier Uri.

Flere kunne hatt glede av bøkene til for eksempel Olav Duun og Arne Garborg, men da må de vanskelige ordene ut, mener hun.
Språkdirektør Sylfest Lomheim meiner slikt er "respektløst". Eg synest han kjem i skade for å uttrykkje seg for elitært. Det han seier, kan t. d. lesast slik at det kjem i konflikt med programmet til foreininga Leser søker bok. Min tilgang til engelsk litteratur (i den grad eg har noko slikt å skryte på meg) var i høg grad prega av lettlesne og tilpassa utgåver i ungdomsskoletida av bøker eg elles neppe hadde gjeve meg i kast med.

No har eg stor sans for kritiske utgåver av originaltekstar, eg meiner t. d. det er synd at det ikkje finst ei einaste moderne utgåve av Blix-salmane i opphavleg rettskriving, med stor forbokstav i substantiv, aa for å og så vidare (men eg er ikkje så puristisk at eg vil insistere på gotisk skrift, sjølv om Blix heldt på det all sin dag). Poenget må jo vere å ha parallellutgåver til ulik bruk.

Men til sjuande og sist er det vel pengesekken som rår, tenkjer eg.
# lagt inn 2.3.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?