<$BlogRSDUrl$>

7.4.06

Festspel 


Programmet for Dei nynorske festspela 2006 blei presentert for eit par dagar sidan. Festspela foregår i og omkring Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i dagane 21.-25. juni. Temaet er "Målet for alle", jubileet til Noregs Mållag vil setje sitt preg på arrangementet, og Olaug Nilssen er festspeldiktar.

Eg har aldri vore på festspela før, men i år kjem eg til å reise. Eg gler meg til sunnmørstur, både til sjølve arrangementet og til å treffe dei mange gode hjelparane i Aasentunet og ved Høgskulen i Volda. Og så håpar eg å sjå att Guffen, om han no greier å få med seg foreldra heim frå varmare land.

Eg får vere så frimodig å nemne at eg sjølv skal ha ei lita rolle i eit hjørne av festspela. I fjor styrte Per Halse (eg har visst gløymt å nemne at han var innom hos meg i Bibelselskapet tidlegare i veka) ein panelsamtale om bibelspråket i samband med utgjevinga av det nyaste nynorske nytestamentet på avslutningssundagen. Det må ha vore vellukka, for i år er eg invitert som ordstyrar til ein liknande samtale over temaet "Kva gjer ein salme god?" Forutan festspeldiktaren medverkar Kari Veiteberg og Oskar Stein Bjørlykke, tre interessante og sympatiske menneske som har god greie på salmar. Eg trur det kan bli fint.

Les heile programmet for festspela.
Omtale: NRK Møre og Romsdal, Bergens Tidende
# lagt inn 7.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?